Hovudopptak barnehagar 2022

Har du barn og ønskjer at barnet ditt skal få plass i barnehage frå hausten 2022 eller våren 2023? Hugs å søke innan 1. mars.

Pixabay  

For å sikre at barnet får plass ved den barnehagen du/de ønskjer, oppmodar vi om å søke innan fristen for hovudopptak, 1. mars 2022

I Hareid kommune har vi tre kommunale og ein privat barnehage.

Det er felles søknad og opptak ved alle barnehagane. Her finn du søknadsskjema.

Dei som ikkje har ID-porten eller ikkje er busett i Hareid kommune må nytte dette skjemaet.

Barn som er fødde til og med november 2021 har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år.

Barnet vert tildelt plass og det vert kravd betaling frå den dagen barnet tar til i barnehagen.

For barn med plass i barnehage kan det søkast om:

  • endring av type plass
  • overflytting til annan barnehage

Søknadsfrist hovudopptak: 1. mars 2022

Her kan du lese meir om dei kommunale barnehagane: