Høyring: Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket for Hareid kommune.

Den 24. oktober vedtok kommunestyret i sak KST- 88/19 å legge ut forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureingsregelverket for Hareid kommune på høyring.

Klikk for stort bilete Dave Morgan/Pexels   

Kommunen kan utøve kontroll/tilsyn og saksbehandling etter bestemte føresegner i den sentrale forureiningsforskrifta. Den lokale forskrifta gir kommunen moglegheit til å krevje gebyr for dei tenestane som kommunen er lovpålagd å utføre. Ei god kontrollordning vil også kunne hindre spreiing av forureining. Dei fleste kommunane i regionen har allereie innført denne forskrifta, og Hareid kommune ynskjer også å gjere det.

Høyringsfristen er 19. november. I dette tilfellet meiner vi at det er mogleg å sjå vekk frå normalen med tre månadars høyringsfrist.

Send merknadar og innspel til postmottak@haried.kommune.no.