Høyring / offentleg ettersyn - Detaljregulering for Brandal sentrum

I samsvar med plan- og bygningsloven § 12-10 vert Detaljregulering med namn Detaljregulering for Brandal sentrum lagt ut til offentleg ettersyn.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Formålet med planforslaget er å leggje til rette for framtidig utvikling av eit mindre område for bustad med tilgrensande vegar og tilkomstar. Det vert og ein mindre justering av kommuneveg til Kvitneset.

Planen med føresegn og planskildring, samt andre sentrale dokument i saka, kan du lese her.

Merknader merka med namnet til planen og planidentitet 20160001 kan sendast kommunen på e-post: postmottak@hareid.kommune.no eller som brev til Rådhusplassen 5, 6060 Hareid

Frist er 23. desember 2020.

Sakshandsamar: Cecilie Breiteig (cecilie.breiteig@hareid.kommune.no)

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og referert for politisk mynde. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.