Hugs å melde inn jonsokbål!

Jonsokaftan nærmar seg. For å ha kontroll med omfanget av jonsokbål, skal plassering og kontaktpersonar med e-postadresser og mobiltelefonnummer, meldast til Hareid og Ulstein brannvesen skriftleg. 

Klikk for stort bilete

På jonsokaftan har det i fleire år blitt observert materiale i nokre bål som etter gjeldande reglar ikkje skal brennast. Det var olje- og plastprodukt, malt trevirke, samt anna søppel. Brenning av bål med slikt innhald er brot med forureiningslova med tilhøyrande forskrifter. Dette er også brot med «Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar», som vart fastsett av kommunestyret.


Forureiningslova med tilhøyrande forskrifter avgrensar kva som er lov å brenne. I paragraf 6 i lova er forureining blant anna definert som tilførsel av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen, og som er eller kan være til skade eller ulempe for miljøet. Etter forureiningslova paragraf 7 skal alle unngå å forureine.
Innmelding av jonsokbål

§ 6 punkt d. i «Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar» er det gjeve amnesti frå  bålforbodet i Hareid og Ulstein kommune på jonsokaftan. Hareid og Ulstein brannvesen har i mange år praktisert innmelding av større og mindre jonsokbål. Båla skal meldast inn skriftleg, og då med e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. E-posten merkast «Jonsokbål». I e-posten skal det minst vere informasjon om:

  • Kor det skal vert brent, gjerne med gards- og bruksnummer og kart (sjå www.sunnmorskart.no)
  • Informasjon om det er gjeve løyve frå grunneigar 
  • Namn, e-postadresse og mobilnummer til bålansvarleg.

Det er også mogleg å nytte skjemaet du finn her.


Frist for innmelding av jonsokbål er den 20. juni 2019. Det er ikkje naudsynt å melde inn små bål som skal verte bruk til grilling og koking av kaffi. Einaste er at grunneigar må ha gjeve løyve til å brenne bål på privat grunn.

Synfaring av Jonsokbål 2019

I år igjen vil Hareid og Ulstein brannvesen gjennomføre synfaringar av jonsokbål. Det vil verte utført stikkprøver. Vi  vil sjå etter at vilkåra i den lokale forskrifta er følgd, jf. § 6 punkt d.: «Bålbrenning jonsokaftan på stader med liten fare for brannspreiing. Det som vert brent skal vere reint trevirke og/eller organisk materiale. Grunneigar må ha gjeve løyve, og brannsjefen må ha fått melding». Dersom det vert funne forureina materiale i jonsokbål, vil Hareid og Ulstein brannvesen forby tenning av desse båla.

Tips om branntryggleik

  1. Bygg opp eit stabilt Jonsokbål, slik at det ikkje kan velte. Kast heller på meir materiale medan det brenn enn å lage det for stort og ustabilt
  2. Dei som handterer jonsokbålet skal vere edrue. Bålansvarleg må vurdere om bålet kan tennast på med omsyn til vind, forureina materialar med meir.
  3. Lag ei sikringssone. I ei sone rundt jonsokbålet bør det dynkast med vatn, slik at faren for at bålet spreier seg og kjem ut av kontroll vert redusert. Storleiken på sikringssona står i høve til storleiken på bålet (ikkje over 10 m³), vêr og vind og topografi. 
  4. Ha egna og nok sløkkjemiddel i nærleiken. Sløkjemiddel kan vere hageslange, bøtter med vatn, handsløkkjarar, eller ein kombinasjon av desse
  5. Tenk førstehjelp. For behandling av brannskade på hud er det viktig med kjøling. Kaldt vatn og aloveraplante/-produkt er gode hjelpemiddel for lindring av svie. Avhengig av kor stort og djupt brannsåret vert må personar på staden vurdere om lege/ambulanse bør verte kontakta

Hareid og Ulstein brannvesen ynskjer til slutt at alle skal ha ein fin og trygg feiring av jonsokaftan.