Hugs søknadsfristen til kulturskulen

Jazzballett, piano, trekkspel, song, slagverk, visuell kunst, saksofon eller gitar. Det er berre nokon av faga du kan ta på Kulturskulen.

Klikk for stort bilete

I år er søknadsfrist for nye elevar skuleåret 2019 -2020 15.mai.

Dei som alt er elevar ved skulen treng ikkje søkje på nytt kvart skuleår.

Søknadsskjema finn du på heimesida.

Papirskjema er  lagt ut på Hareid rådhus, pluss alle barneskulane i kommunen.

Du kan og vende deg til Musikk og Kulturskulen og få tilsendt søknadsskjema.

E-post: kulturskulen@hareid.kommune.no  eller tlf. 94 16 01 31

Om du er elev  og vil søkje ein annan/ny disiplin, ta kontakt med skulen å få tildelt påloggingskode.

Viser og til vedtekter for musikk og kulturskulen fastsett av Hareid kommunestyre.