Hugs vaksine før sommarferie – og andre sprell

Du må ta omsyn til vaksinedato når du skal planlegge sommarferiedato eller andre reiser.

Pexels.com  


For at Comirnaty-vaksinene (Pfizer) skal ha full effekt, får alle to dosar. Desse skal gis med seks vekers mellomrom. Til dømes: Dersom du får fyrste dose i slutten av april, vil du få neste dose i midten av juni.  Dersom du får fyrste dose i midten av mai, vil du få andre dose i slutten av juni osb.

Du må ta høgde for dette når sommarferie og andre reiser skal planleggast.

Det er eit tydeleg signal frå sentrale styresmakter at vaksine er noko du som innbyggar må prioritere (om du ønskar å ta han).

Vi veit ikkje når det blir akkurat din tur, då vi ikkje får vite lenger enn eit par veker fram i tid kor mange dosar vi får om gongen. For tida er det dei som er tidleg i 70-åra, pluss dei som har dei alvorlegaste risikosjukdomane/tilstandar, som får tilbodet om å ta fyrste dose.

Dersom du er jobbar offshore eller på sjøen, bør du sjekke kalenderen allereie når du får tilbod om fyrste dose, for å sjekke om du er på land seks veker etterpå – og dermed klar til å ta dose to. Dersom dato for dose to krasjar med utreise, må du ta kontakt med helsestasjonen for å booke ny time til fyrstedose.

Kva skjer om du ikkje kan stille nøyaktig seks veker etter fyrste dose?

Ta kontakt med Hareid helsestasjon snarast når du har fått tildelt time til 1.dose og gi beskjed om dette.

Per no kan vi ikkje svare på kva som skjer med dei som ikkje kan stille til vaksinering av dose to etter at du allereie har fått dose nummer éin.

I tillegg til at mellomrommet mellom dosane er sett av medisinske grunner, er det også praktiske omsyn som gjer at vi ikkje ønsker å endre intervallet mellom dosane.

Kvar veke får vi eit gitt tal med dosar tilsendt frå sentrallager. Sentrale vaksinestyresmakter ser seks veker tilbake i tid på kor mange dosar vi gav då. Vi får like mange som det + dosar som skal gå til nye.

Comirnaty-vaksinen er berre haldbar i nokre dagar etter at kommunane har mottatt dei.

Samla gjer dette at vi ikkje har moglegheit til å vere særleg fleksible når det gjeld å endre vaksinetidspunkt for dose nummer to