Hugsa du å endre adresse då du flytta til Hareid?

Har du vore på flyttefot dei siste åra bør du sjekke om du er folkeregistrert i Hareid. Det er den folkeregistrerte adressa per 30. juni som avgjer kvar du kan røyste ved kommunevalet i haust.

Klikk for stort bileteDet er kvar du er registrert som innbyggar som bestemmer kvar du kan røyste. Ikkje kvar du har tatt med flyttekassene dine.

Ved kvart val kjem det dessverre personar til røystelokala som ikkje har røysterett i kommunen. Årsaka er at dei er manntalsførte i ein kommune dei har budd tidlegare.

For å ha røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet må du ver busett i kommunen du vil røyste i. Skjeringsdatoen er 30. juni. Det vil seie at det er kvar du er registrert busett på denne datoen som avgjer i kva kommune du har røysterett i.

Altinn kan du sjekke kvar din folkeregistrerte adresse er

Her kan du også melde flytting.

PS: I førehandsrøysteperioden treng du ikkje røyste i heimekommunen din. Stemma vil sjølvsagt bli talt med i heimkommunen din, men du kan gå i alle førehandsrøystelokala over heile landet. Til dømes om du er student i ein annan by eller om du er på ferie i på Sørlandet, kan du røyste der.