Hurtigtesting av alle elevar og tilsette i barnehage og skular

Før første skule- og barnehagedag i 2022 ber vi alle skuleelevar og tilsette i barnehage og skule om å teste seg.

Pexels.com/Shutterspeed  

Det er Helsedirektoratet som har bede kommunane å teste alle elevar og tilsette. Målet er å bremse spreiinga av covid-19:

«Alle ansatte i barnehager, på skoler og i SFO og alle skoleelever skal teste seg i løpet av de siste 24 timene før de går på skolen eller på jobb etter ferien. Helsedirektoratet har bedt kommunene sørge for at alle har fått en selvtest som skal brukes til dette», skriv statsforvaltaren til kommunane på vegner av Helsedirektoratet.

Dei som har hatt covid-19 for mindre enn 3 månadar sidan eller fått oppfriskingsdose for meir enn 1 veke sidan, treng ikkje teste seg.

Ein del tilsette har allereie fått med seg hurtigtestar heim. Det same har elevane ved ungdomsskulen.

Føresette til resten av elevane vil få melding i skulesystemet Edlevo (gamle Tieto) i løpet av måndag 3. januar om kvar og når dei kan hente test. Det er planleggingsdag den dagen, slik at elevane skal ikkje møte på skule før 4. januar.

Dei tilsette som ikkje har hurtigtest tilgjengeleg vil få beskjed frå leiar om kvar dei kan få test.

Elevar ved vidaregåande skular som ikkje får hurtigtestar på skulen sin, kan hente på Hareid legesenter nyttårsaftan mellom 09-12, eller måndag 3. januar frå klokka 09.

Dersom hurtigtesten er positiv må føresette/tilsette snarast ta kontakt med Hareid legesenter på 70 30 70 70 for å bestille laboratorietest (PCR).

Ved negativ test kan elevar/tilsette møte som normalt.