Vi oppmodar små og store – anten det er ullsokker, playstation, sminkedukke eller snille barn du ønsker deg – om å dele ønska med julenissen.
Alle som legg ønskeliste i postkassen blir med i trekninga av gåvekort frå butikkane på Hareid. Ta gjerne bilete eller video når du besøker postkassa og del i sosiale medium. Dersom du merkar dei med #mitthareid og #vekstihareid vil du få ekstra lodd i gåvekorttrekninga.
Nissen kjem sjølv og hentar juleposten heim til Nordpolen 18. desember. Det er mogleg å legge i ønske etter dette, men dei vil ikkje nå Nordpolen i tide til gåvekorttrekninga.
Hugs også å merke ønskelistene med namn og telefonnummer om du vil vere med i trekninga av gåvekort – elles vil ikkje julenissen vite kven som skal ha gåvekortet.
PS: Har du sett den nye instagramkontoen til Hareid kommune "Mitt Hareid"? Her promoterer vi bulyst og reiseliv i kommunen.