Ikkje kast meg – eg er ikkje reklame!

No skal alle i Hareid ha fått ei viktig brosjyre om eigenberedskap i posten.

Klikk for stort bilete

Innimellom all reklamen og rekningane fann du kanskje denne brosjyren frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap?

Vi tilrår alle å lese den og så følgje råda den gir.

Beredskap handlar ikkje berre om krig, men også om andre uventa hendingar som lengre straum- eller vassbrot. DSB tilrår at alle har mat, klede og andre artiklar som gjer at det kan klare seg i tre dagar. På den måten kan myndigheitene konsentrere seg om dei som treng hjelpa mest.

Kasta brosjyren?

Skulle du ha oversett brosjyren og allereie sendt han vidare til resirkulering hos SSR, kan du lese om alle råda på denne sida.

Ønsker du å printe ut brosjyren, finn du den her.

Bli inspirert!

NRK har laga ein podcast der  Marte Stokstad og Knut Folkestad møter ein rekke kjente nordmenn og spør «Kor godt forberedt er du?». Her kan du bli inspirert til korleis du kan vere beredt.