Ikkje lei av å lære? Bli vår kommunalsjef!

Du har gått barnehage, grunnskule, vidaregåande, høgare utdanning og mykje meir. Likevel er du ikkje lei av å lære nye ting, og no er du klar til å kaste deg uti eit av dei mest utfordrande «utdanningsløpa» der ute: bli leiar for oppvekst- og skulesektoren vår.

Blyantkvessar og grøn blyant med kvess.  - Klikk for stort bilete Pexels.com/Pixabay  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

For å kome inn på dette «studiet», må du gjennom utdanning og arbeidserfaring ha nådd ei lang rekke kompetansemål. Mellom anna følgande:
 

  • NORSK: Du må kunne kommunisere klart og tydeleg med dei tilsette, folkevalde og andre samarbeidspartnarar.
  • SAMFUNNSFAG: Du må ha kunnskap om kommunal forvaltning og forståing for rollene til administrasjonen og dei folkevalde.
  • SOSIAL KOMPETANSE: Du må ha gode samarbeidsevne, leiareigenskapar og evne til å samle og motivere dei tilsette. Du er klartenkt og er den trygge når det stormar.
  • KROPPSØVING: Du må vere uthaldande, ha vilje og evne til å stå på for å nå dine, sektoren og kommunen sine mål. Du liker å score mål, men veit at det er lagspelet som sikrar sigeren.
  • KUNST OG HANDVERK: Du må vere løysingsorientert og kreativ i møte med nye oppgåver og utfordringar. I tillegg er du visjonær og går i front for å snekre morgondagens skule, barnehage, kulturskule og vaksenopplæring.
  • MATEMATIKK: Du treng ikkje vere matematikar, men du må ha god økonomiforståing og må kunne styre etter stramme budsjett.

Dersom du får jobben som kommunalsjef lovar vi ei bratt læringskurve, ein variert og full vekeplan og heimelekser. Samstundes får du jobbe med ein svært dedikert gjeng med lærarar, barnehagelærarar, styrarar, rektorar, assistentar og andre fagleg dyktige folk. Dei kjem til å bli nokre av dei viktigaste lærarane du nokon gang har hatt.

I Hareid kommune er vi opptekne av å jobbe tverrfagleg for tidleg å oppdage og hjelpe dei som treng litt ekstra bistand. Det betyr at du også skal ha tett kontakt med relevante fagpersonar og instansar utanfor eigen sektor.

Du vil bli ein del av «kollokviegruppa» til kommunedirektøren. Her sit dei andre kommunalsjefane og nøkkelpersonar. I dette forumet kan du søkje om råd, men også bidra med du er god på. Vi deler eit felles ansvar for at Hareid kommune når sine mål.

Som kommunalsjef vil du få det øvste ansvaret for å drifte og utvikle tenestene våre, følgje opp arbeidet med læreplanar og kvalitetsplanar, for personalhandteringa, strategi, økonomiforvaltning og mykje meir. Vi leiter etter deg som ynskjer å vere i stillinga over tid då vi treng å jobbe langsiktig med dette.

I sektor for læring og kultur finn du alle dei kommunale skulane og barnehagane, musikk- og kulturskulen, og ressurssenteret som har ansvar for vaksenopplæring og flyktningane våre. Du har din arbeidsplass på oppvekstkontoret, samlokalisert med kommunalsjef og stab for velferdssektoren. Du er vår kontaktperson for interkommunale samarbeid innan barnevern og PPT.

Les meir og søk på stillinga her.