Ikkje munnbindpåbod på hurtigbåten

Hareid kommune var på tysdag i møte med fylkeskommunen, Folkehelseinstituttet og Ålesund kommune. Tema for møtet var munnbindbruk på hurtigbåten.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad   

Møtet kom i stand etter at kriseleiinga i Hareid kommune sendte eit brev til fylkeskommunen der vi bad om at det blei innført påbod om munnbind på hurtigbåten. Kriseleiinga var bekymra for at trengsel på hurtigbåten, som mange av dei tilreisande som er smitta av koronaviruset har reist med, kan føre til at smitten blir «fri» i kommunen.


I møtet blei følgande klargjort:

  • Folkehelseinstituttet anbefaler ikkje påbod om munnbind på hurtigbåt slik smittesituasjonen er no. Avstand og god handhygiene er mykje viktigare.
  • Dersom eit påbod skal innførast er det dei tre kommunene hurtigbåten anløper som skal vedta dette med mehald av smittevernlova – ikkje fylkeskommunen.

Etter desse tilbakemeldingane har kriseleiinga i Hareid kommune konkludert med at vi ikkje vil innføre påbod om munnbind no. Det vil derimot kunne bli eit verkemiddel dersom situasjonen forverrar seg.

Likevel:

  • Vi oppmodar dei som kjem til Hareid frå område med mykje smitte om frivillig å nytte munnbind på reisa heilt heim – også på hurtigbåten. Kommuneoverlegane på Sunnmøre har i fellesskap oppmoda alle tilreisande, særleg dei som kjem hem til jul, om å gå i frivillig karantene og teste seg. Kontakt legesenteret på 70 30 70 70 for å bestille tid.
  • Alle som kjem frå sokalla «raude» land SKAL nytte munnbind på heile reisa. Dette er heimla i lovverket. Desse skal i obligatorisk karantene. Les meir om reisekarantene på helsenorge.no.
  • Hugs at avstand og god handhygiene (vask/sprit) er det aller viktigaste smitteverntiltaket. Det er soleklart det mest effektive måten å hindre at koronaviruset spreiar seg.
  • Hugs også at du skal halde deg heime om du har symptom på luftvegsinfeksjon. Vi vil også at du testar deg om du har slike symptom. Kontakt legesenteret på 70 30 70 70