Ikkje ver blyg, slå av ein prat

–  Snakk med meg, står det på jakkemerket til Nebras Elsamour. Den beste måten å lære eit nytt språk på er å bruke det. Derfor vil flykningar i språkpraksis snakke med nettopp deg.

Klikk for stort bileteNebras Elsamour er i språkpraksis på Bunnpris.

Klikk for stort bileteSlik ser jakkemerkene som språkpraktikantane bruker når dei er i praksis.

– Eg skjønar mykje meir av det folk seier, og er flinkare til å snakke nå, men det er fortsatt vanskeleg, seier Nebras Elsamour med eit stort smil om munnen. Han storkoser seg på jobb og får skryt av kollegaene på Bunnpris, der han har språkpraksis.

 

Slå av ein prat

Hareid kommune har fleire flyktningar ute i språkpraksis hos lokale verksemder og i kommunen. For å gjere det lettare å få i gang praten med hareidsdølane har Ressurssenteret i Hareid utvikla jakkemerke til dei. Ideen er at dette skal oppmode dei som møter praktikanten, anten det er i butikken eller barnehagen, til å slå av en prat.

Overgangen frå klasserommet til arbeidslivet er stor. Nebras Elsamour innrømmer at det var vanskelig å både forstå og snakke i starten for utanfor Ressurssentert snakkar folk mykje fortare. Det å jobbe har gjort det både meir effektivt og morosamare å lære.

 

Nøkkelen er språk

Koordinator ved Ressurssenteret, Bjørg Vartdal Hareide, seier ho har sett behovet for meir informasjon til lokalsamfunnet. No håpar ho det nye tiltaket vil bere frukter.

– Vi jobbar med å løfte og engasjere språkelevane ut i samfunnet og arbeidslivet. Nøkkelen til det er å lære språket. På den måten kan dei vere med i samtalen og delta meir aktivt, seier ho. 

Ho fortel vidare at jakkemerka og plakatar med informasjon vil bli å finne stadig fleire plassar på Hareid.

Både barnehagar og skular er med på prosjektet. Der vil det også finnast meir informasjon om den enkelte språkeleven slik at både foreldre og barn kan bli litt meir personleg kjende med dei og lettare føre ein samtale, seier Bjørg Vartdal Hareide.

Språkpraksis er en del av norskopplæringa Ressurssenteret står for. Flyktningar som kommer til Hareid starter med grunnleggande norskopplæring og blir utplassert på ein arbeidsplass etter kvart som dei begynner å få grep om språket. Språk-praktikantane jobbar fyrst på ein tre-månaderskontrakt som så kan utvides.

 

Fekk hjelp

Dei som har utvikla jakkemerka for ressurssenteret er fire studentar frå Høgskulen i Volda.

– Det er veldig spennande for oss å få drive med noko som skal ut i den verkelege verden. Dette er en vinn-vinn situasjon for begge parter, vi får verdifull erfaring og ressurssenteret får jobben gjort gratis, seier Tormod Malvin Sæther som er ein av studentane.