Influensavaksine: Massevaksinering i Hareidhallen

I år vil årets influensavaksinering i Hareid bli organisert annleis enn tidlegare på grunn av den pågåande covid-19-pandemien.

Klikk for stort bileteI år er influensavaksineringa flytta til Hareidhallen Pexels  

På grunn av smitteverntiltaka som gjeld, kan ikkje influensavaksineringa bli eit sosialt treff, som det gjerne har vore tidlegare år. Derfor har vi flytta vaksinasjonen til Hareidhallen. Her er det god plass og vi kan få tatt unna fleire hundre personar i løpet av dei to dagane som er sett av.

I år er det ekstra viktig å få vaksinert seg på grunn av den pågåande pandemien. Det kan vere vanskelig å skilje mellom dei to sjukdomane og du kan bli smitta av begge to samtidig. Dersom du er i risikogruppene (sjå nedst) har du større sannsyn for å bli alvorlig sjuk av influensa og få komplikasjonar.

For å unngå for mange i kø før vaksineringa og i ventesona etter, må alle bestille time.

 

Tid og stad:

Sjølve vaksinasjonadagane er

  • 27. oktober klokka 10-15
  • 28. oktober klokka 9-14

Stad: Hareidhallen

 

Andre tidspunkt:

Har du ikkje høve til å møte ein av desse dagane må du bestille time med fastlegen din for vaksinering.

Er du gravid og ønsker vaksine kan du ta kontakt med helsestasjonen v/jordmor og få satt vaksinen der. Ring 700 37 750 for å avtale time.

 

Slik bestiller du time:

Telefon: Bestillingstelefonen er open mellom kl 9-15 frå onsdag 21. oktober og alle kvardagar fram til måndag 26. oktober. 46 83 47 85

SMS/tekstmelding: SMS til tlf. 2097: HSTHAREID fødselsdato, namn, di melding

(Døme: HSTHAREID 230618, Kari Frisk, ønsker time til influensavaksinering.)

App: Last ned Helserespons sin app (Apple/Android) og søk opp Hareid helsestasjon som mottakar.

 

VIKTIG: Alle som skal vaksinere seg må vere friske og ikkje ha symptom på luftvegsinfeksjonar.

Hugs å halde avstand og sprit/vask hender.

 

Pris:

Vaksinen kostar 100 kroner. Du kan betale via kort eller Vipps.

 

Desse bør vaksinere seg:

Det er berre risikogruppene som får høve til å bli vaksinert i denne omgang og fram til 1. desember på grunn av mulig mangel på vaksiner denne sesongen. Etter 1. desember kan eventuelt andre få tilbod om vaksine om der er igjen på lageret.  

Folkehelseinstituttet råder følgande grupper om å vaksinere seg mot influensa:

 

1.            Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1.trimester med anna tilleggs risiko kan vurdere å få vaksine.

2.            Alle frå og med fylte 65 år

3.            Bebuarar i sjukeheim og omsorgsboligar

4.            Barn og vaksne med:

•             Diabetes mellitus, type 1 og 2

•             Kronisk luftvegssjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt

•             Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

•             Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom

•             Svært alvorleg fedme(KMI over 40)

•             Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege

 

I tillegg anbefalast influensavaksine til følgjande grupper, primært for å beskytte andre:

1.            Helsepersonell med pasientkontakt

2.            Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar

3.            Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Hareid helsestasjon