Influensavaksinering 2021

I år er influensavaksineringa på Hadartun Pexels    

Kva kostar det å ta vaksine? 
Regjeringa har avgjort at influensavaksina skal vere gratis for alle i risikogruppene med unntak av dei som vert vaksinert hos fastlegen/legesenteret. Ved legesenteret må du betale ein eigenandel på 50 kroner dersom du ikkje har frikort. Personar yngre enn 65 år, og som ikkje er i risikogruppa, må betale vaksina sjølv. 

 

Vaksinasjon av personar i risikogruppa
I Hareid har vi bestemt at alle som er i risikogruppa, får tilbod om å bli vaksinert i regi av kommunen. Desse får tilbod om vaksine på Hadartun.

Omsorgstenesta vaksinerer dei som bur i institusjonane og andre dei yter teneste til. 
Dei som ikkje er i risikogruppa eller av ulike grunnar ikkje kan ta vaksine på Hadartun, må sjølve kontakte legesenteret for timeavtale. 


Tidspunkt
Tidspunkt for vaksinering av personar i risikogruppa blir tysdag den 02.11 og onsdag den 03.11, kl 09-15 begge dagar. Det vil ikkje vere timebestilling.
 


 
Kven bør vaksinere seg?
Alle kan bli alvorleg sjuke av influensa, men nokre risikogrupper er meir utsatt for alvorleg sjukdom enn andre. Helsegevinsten kan vere stor om desse vaksinerer seg. Her er FHI si oversikt over risikogrupper som bør ta influensavaksine årleg.
Det kjem annonse i Vikebladet med meir informasjon.