Influensavaksinering i Hareid

Klikk for stort bileteDet vert vaksinering mot influensa på Hadartun mandag 29. oktober og mandag 5. november frå kl.09:00 – 12:00.

Kostnad

Vaksinen kostar kr.150,-. Vi ber om at de tek med kontantar for betaling.

Tilrådde grupper

Personar i desse gruppene er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:

  • Gravide frå 12. svangerskapsveke
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle som har fylt 65 år
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2 
    • kronisk luftvegssjukdom
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett infeksjonsforsvar
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)
    • annan alvorleg eller kronisk sjukdom