Influensavaksinering på Hadartun, 2. og 8. november 2022

Hareid kommune har ansvar for vaksinering for alle over 65 år, dei som er i risikogruppe og kommunalt tilsette.

Pexels

Det vert vaksinering på Hadartun for alle over 65 år, dei som er i risikogruppe og kommunalt tilsette.

Dei som ikkje er i risikogruppe eller av ulike grunnar ikkje kan ta vaksine på Hadartun, må sjølve kontakte sitt fastlegekontor for timeavtale.

Det vert vaksinering følgande to datoar:
Onsdag 2. november 2022

Tirsdag 8. november 2022

Tidspunkt: kl. 09.00 - 15.00

Det er ikkje timebestilling, så for dei som er i målgruppa er det berre å møte opp.

Kva kostar det?
Prisen for vaksinen er kr. 200,- for dei i risikogrupper og for dei over 65 år.

Betaling til VIPPSnummer 620243 eller bankkort.
Kommunalt tilsette får vaksinen dekt av kommunen.

Folkehelseinstituttet tilrår vaksine til:

  1. Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustadar.
  2. Alle frå og med fylte 65 år.
  3. Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  4. Prematurt fødde born, særleg born fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år
  5. Born og vaksne med:
  • kronisk lungesjukdom (inkludert astma),
  • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk),
  • diabetes type 1 og 2
  • leversvikt eller nyresvikt
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
  • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og sammensette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

I tillegg til risikogruppene er influensavaksine tilrådd til følgjande grupper, primært for å beskytte andre:

  1. Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  2. Husstandskontaktar (eller tilsvarande nære) til personar med nedsett immunforsvar
  3. Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  4. Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl.


Eventuelle spørsmål kan rettast til sjukepleiar på telefon nr. 48104497.