Informasjon angåande koronavaksinasjon for deg mellom 18-64 år

Det vert i desse dagar sendt ut tilbod på sms til deg mellom 18-64 år om ein fjerde dose koronavaksine.

Hand som held eit doseglas med vaksine. - Klikk for stort bileteillustrasjonsfoto shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ein fjerde dose er ikkje inkludert i anbefalingane for gruppa mellom 18-64 år utan underliggande risiko (sjå FHI sine retningslinjer nedanfor), men dersom du sjølv ønsker ein fjerde dose koronavaksine kan du takke JA på sms eller ta kontakt på koronatelefonen: 46834785.

Dersom du ikkje vil ha ein fjerde dose er det fint om du takkar nei.

FHI sine retningslinjer: 
Folkehelseinstituttet vurderer at risikoen for alvorlig sykdomsforløp av covid-19 er lav i aldersgruppen 18-64 år uten underliggende risiko slik epidemien er forventet å utvikle seg. Dette på bakgrunn av at vaksinasjonsdekningen er høy og mange har relativt nylig gjennomgått infeksjon.

FHI vurderer derfor at gruppen 18-64 år uten underliggende risiko per nå ikke inkluderes i anbefalingen om ny oppfriskningsdose i koronavaksinasjonsprogrammet. 

FHI anbefaler imidlertid at det åpnes opp for at personer i aldersgruppen 18-64 år kan få ny dose dersom de selv ønsker det.

Dei neste datoane for vaksinasjon er:
onsdag 14. desember 2022
onsdag 25. januar 2023
 

Informasjon om hurtigtestar/sjølvtesting:

Du treng ikkje teste deg for korona, sjølv om du har luftveissymptom. Dersom du har behov for legehjelp, kan fastlegen vurdere om det er nødvendig med ein koronatest. Er du, eller føler du deg sjuk, gjeld vanlig sunn fornuft: du held deg heime til du er frisk.

Hareid legekontor leverer ikkje lengre ut sjølvtestar, men det er gjort unntak for:

  • personar i risikogrupper, eller som bur saman med nokon som er i risikogruppe
  • helsepersonell og andre som jobbar med utsette grupper
  • personar som bur på institusjon

Desse personane kan få utlevert koronatestar på Hareid helsestasjon, 2. etg på Helsehuset. Dei må ta kontakt på førehand på mobilnr.: 46 83 47 85 for å avtale tid for henting