Informasjon etter brannen på Hareid barneskule

Brannårsaka er truleg barns leik med fyrstikker. Her kan du lese meir om korleis resten av veka blir for elevane.

Klikk for stort bileteHareid barneskule Erlend Friestad/Hareid kommune  

Info in english below.

Oppdatert kl 1815.

Det var rundt kl 13 at det blei meldt om brann på Hareid barneskule. Elevar og tilsette blei raskt evakuert.

Brannen oppsto i eit klasserom i kjellaren og skuldast truleg barns leik med fyrstikker. Klasserommet og delar av skulen har røyk og vasskader.

Det var berre 1.-3. klasse som var på skulen. Resten av elevane var i Hareidhallen for å øve til julespelet som gjekk som planlagt tysdag kveld.

So fort situasjonen kom under kontroll, blei foreldre kontakta for å kome å hente barna.

Veka som kjem:

Siste veka før jul blir amputert på grunn av brannen. Alle elevar ved Hareid skule møter onsdag 18.12. til vanleg tid, kl 0815, ved SFO-inngangen til skulen. Lærarar vil lose elevane vidare til dei klasseromma dei skal vere.

Elevane vert deretter samla, og ein går saman til skulegudsteneste i kyrkja kl 1000. Alle elvane går tilbake til skulen samla. Elevane må ta med heim alt dei har av klær o.l. Dette gjeld alle med unnatak av 4. klasse som ikkje kan ta med noko heim grunna brannen.
Born som tidlegare har meldt seg på SFO vert der til dei vert henta.

Alle elevar 1.- 3. klasse får tilbod om tilsyn ved SFO, innanfor ordinær skuletid torsdag. Foreldre må ta kontakt med kontaktlærar og melde behovet. 

Skulefritidsordninga fredag 20.12. går som tidlegare avtalt (denne dagen har det allereie vore gjort påmelding).

English version:

All pupils will meet at Hareid School at Wednesday 18th of December 8:15 am, at the ASP-entrance (SFO).

They will walk together with the teachers to the church at 10 am. This will be the last day/activity at school before Christmas. They will go together back to school and get their private things. The pupils of 4. class can not take annything with them due to the fire. Those of the pupils who previously has signed up for ASP, will go back to school/ASP after the service.

All pupils in 1st-3rd grade can attend ASP Thursday during regular school hours. Parents must contact their child’s main teacher and report the need.

Those pupils who already has registered for regular ASP on Friday, can attend as previously agreed.