Informasjon frå Statens strålevern om jodtablettar

Statens strålevern informerar om at det frå 1. november kjem jodtablettar til sal på alle apotek. Myndigheitene anbefalar at alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born kjøper tablettar for heimelagring.

Hareid kommune vil oppmode alle sine innbyggjarar å tenke over om det er behov for å kjøpe jodtablettar for å ha liggjande i heimen. Når du kjøper tablettar på apoteket får du også med deg ei informasjonsbrosjyre som er tilpassa det merket med tablettar du kjøper. I informasjonsbrosjyren er det informert om kvifor du skal ta jodtablettar, kva tid dei skal takast, kven som skal ta dei og kor mykje du skal ta.

Dersom det skulle skje ei atomulykke vil råd om å ta tablettane frå myndigheitene ofte verte gitt saman med eit råd om å opphalde seg innandørs i opptil 2 døgn, det er difor viktig å ha tablettar lagra heime.

Dersom du har meir spørsmål om jodtablettar kan du ringe Helsenorge på 815 55 015 frå 1. november.

Du finn også meir informasjon om jodtabletter på www.stralevernet.no og www.helsenorge.no