Informasjon om 3. vaksinedose for innbyggarar i Hareid kommune

Fyrst i slutten av november vil vi starte med å gi 3. vaksinedose.

Pexels.com  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Regjeringa har bestemt at alle over 65 år skal få tilbod om oppfriskingsdose med koronavaksine.

Den næraste tida kjem vi til å prioritere influensavaksinering. Den vaksinen er minst like viktig for kapasiteten til helsetenestene, som er det vi styrer etter no. Regjeringa har derfor bestemt at denne skal prioriterast før 3. dose.

Les meir om 3. dose på regjeringa sine heimesider.

Sånn det ser ut no vil Hareid kommune så smått kunne begynne på 3. dose i slutten av november. Det må gå minst 6 månadar mellom 2. og 3. dose, så mange må rekne med å vente ei god stund.

Vi vil følgje dei nasjonale føringane for kven som skal ha 3. dose fyrst. Det er same rekkefølgje som er brukt tidlegare. Fyrst ut er sjukeheimsbebuarar og dei over 85 år. Deretter følgjer dei mellom 75 og 84 år. Til sist (i denne omgang) er det dei mellom 65 og 74.

Vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg.