Informasjon om Langerysta sommarfestival

Hareid kommune stiller med hurtigtestar på festivalen for å senke smitterisikoen til eit akseptabelt nivå.

 

Det pågåande smitteutbrotet i Ørsta/Volda har også forgreiningar til andre stader på Sunnmøre. Mellom anna har vi nærkontaktar i Hareid kommune. Det gjer at vi må vere ekstra varsame når vi samlast, særleg når det er mange til stades.

Situasjonen i Ørsta/Volda er framleis uoversiktleg. Ålesund kommune rapporterer også om eit utbrot. Hareid kommune har derfor vore i tvil om det har vore forsvarleg å gjennomføre festivalen. Som eit alternativ til avlysing har vi kome fram til at bruk av hurtigtest og koronapass kan vere eit tiltak som kan få smitterisikoen ned på eit akseptabelt nivå.

  • For å kome inn på festivalen er det derfor krav om å anten ha grønt koronasertifikat eller teste negativt på hurtigtest.
  • For å stille med hurtigtest har Hareid kommune stilt som krav til festivalleiinga at dei innfører alkoholforbod på festivalområdet. Saman med gode smitteverntiltak er dette ein føresetnad for at kommunen stiller med ressursar for å hjelpe til med å kunne gjennomføre arrangementet.

Dette er likevel ikkje eit fripass til å legge bort smittevernråd og -reglar. Dei same råd og reglar gjeld for alle ute i det offentlege rom. Det finns døme på vaksinerte som er smitteberarar og hurtigtesten klarer heller ikkje å fange opp alle som er smitta.

Vi vil derfor legge sterkt på den enkelte deltakar om å følgje alle råd og reglar etter beste evne. Eit smitteutbrot på festivalen vil kunne gi store konsekvensar både for Hareid kommune og omkringliggande kommunar – det viser utbrotet i Ørsta/Volda. Eit utbrot blant festivaldeltakarar vil også gi dei som steller i stand eit så flott arrangement dårleg omdøme – og det fortener dei ikkje. Dersom det skjer grove brot på covid-19-forskrifta vil arrangør også kunne bli meldt til politiet.

Hareid kommune har fått råd og innspel frå fylkeslegen, som også har vore i kontakt med FHI.

Grønt koronasertifikat (i Noreg)

Dersom det har gått meir enn tre veker etter at du fekk fyrste vaksinedose, vil du ha grønt koronasertifikat.

Om hurtigtesten

Hurtigtesten på festivalen er ein sokalla «i døra»-test. Den vil ikkje bli registrert i sentrale register og vil derfor ikkje gi grønt koronapass.

Alle som blir testa må vente i 15 minutt før testresultatet er klart.

Dersom testen er negativ kan deltakarane gå inn på festivalområdet

Dersom testen er positiv må deltakaren gå i isolasjon. Då må dei reise rett heim. Eventuelle personar dei har hatt følgje med, må også dra. Dei må snarast råd bestille «vanleg» test for å vere sikker på at testen er korrekt.

 

Smittevernreglar og råd

  • Smittevernreglar som gjeld for alle uavhengig av vaksine/negativ hurtigtest:
  • Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime og teste deg.*
  • Hald minst 1 meter avstand til alle du ikkje bur saman med.
  • Nytt munnbind i situasjonar der du ikkje kan halde 1 meter til andre
  • Bruk handsprit ofte, men helst vatn og såpe der det er tilgjengeleg
  • Unngå å stå i kø
  • Vi har også bede festivalleiinga om å innføre alkoholforbod på festivalområdet. Dette var ei føresetnad for at kommunen stilte med hurtigtestar. Erfaringar viser nemleg at «meteren» krympar når promillen går opp. Det blir derfor vanskeleg å overhalde smittevernreglane og råda med alkohol i blodet.
  • Avgrens «mingling» for å gi deg færrast mogleg nærkontaktar

 

* Symptom på covid-19 kan vere vanskeleg å skilje frå «vanlege» luftvegsinfeksjonar, til dømes feber, sår hals, hoste, tung pust, nedsett smak/luktesans og muskelverk. Test deg på vanleg teststasjon om du kjenner på desse symptom