Ingen hinder i vegen for kampar på tvers av kommunane

Hareid kommune følgjer råd og reglar frå nasjonale mynde. Dei seier at barn og unge under 20 år kan konkurrere mot lag i kommunar med likt smittetrykk.

Klikk for stort bilete Pexels.com

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Her i området har vi om lag same smittetrykk. Smittenivået er derfor ikkje til hinder for at lag med barn og unge frå Hareid kommune kan konkurrere med lag frå nabokommunar.

Lag fra små kommuner som ikke har andre motstandere i kommunen, kan reise til nabokommunen for å konkurrere såfremt kommunene har samme smittenivå.

Sitat frå dei nye råda på regjeringen.no

Så sant det ikkje er fatta andre vedtak i dei andre kommunane, kan lag frå Hareid sjølve vurdere om dei vil konkurrere med lag frå nærliggande kommunar med tilsvarande smittetrykk som Hareid.

Ein kamp mellom til dømes to fotballag, vil vere eit arrangement. Gjeldande reglar for slike arrangement må sjølvsagt følgjast. Her er det verdt å merke seg at det vil vere forskjellige reglar for arrangementet om laga er frå same kommune eller forskjellige kommunar.

Dersom laga er frå same kommune:

  • Innandørs: maks 100 deltakarar (Merk: utøvarar, støtteaparat og dommarar skal teljast med)
  • Utandørs: maks 200 deltakarar (Merk: utøvarar, støtteaparat og dommarar skal teljast med)

Dersom laga er frå forskjellige kommunar:

  • Innandørs: maks 50 deltakarar (Merk: utøvarar, støtteaparat og dommarar skal teljast med)
  • Utandørs: maks 200 deltakarar (Merk: utøvarar, støtteaparat og dommarar skal teljast med)

Ved alle arrangement er det krav om å halde minst 1 meter avstand. Utøvarar, støtteapparat og dommarar er unntatt frå avstandskravet.

Alle arrangement må ha ein ansvarleg arrangør som har ansvar for regelverket for arrangement blir følgde.

Arrangør skal sørge for at sjuke ikkje er til stades og legge til rette for at god smittehygiene. Arrangør bør følgje relevante smitterettleiarar for aktiviteten.

Arrangør må skaffe seg oversikt over kven som er til stades for å kunne hjelpe kommunen med eventuell smittesporing. Liste over deltakarar skal slettast etter 14 dagar.