Ingen nye smitta siste veka

Talet på nye personar smitta med covid-19 i Hareid kommune sidan måndag 25. oktober er 0 – null.

 

Vi oppmodar innbyggarar om å halde fram med å vere merksame på symptom på luftvegsinfeksjonar. Dersom du blir sjuk, vil vi at du skal halde deg heime og hurtigteste deg.

Hurtigtestar får du på legesenteret (i resepsjonen). Føresette i barnehage og skule kan kontakte skule/barnehage for å få sjølvtestar til barna.Vi må avvikle ordninga med sjølvbetening på helsehuset då forbruket er for høgt. Vi mistenker at innbyggarar tar med hurtigtestar for å ha liggande. Hurtigtestane er ei avgrensa ressurs.