Ingen positive hurtigtestar ved skulestart

Vi har så langt ikkje fått melding om positive hurtigtestar etter massetestinga før skulestart.

Pexels.com/Shutterspeed  

Hareid kommune bad alle grunnskuleelevar i tillegg til alle tilsette i skule og barnehage om å ta hurtigtest før fyrste skule- og arbeidsdag i 2022.

Så langt har vi ikkje fått melding om positive hurtigtestar etter massetestinga.Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halde deg heime og teste deg.

OPPDATERING 4. januar kl 1500: Det har kome melding om ein hurtigtest med mogleg positivt resultat (usikker). For sikkerheits skuld er det tatt PCR-test av vedkomande (knytt til Hareid skule).

Ein eventuell positiv hurtigtest må stadfestast av laboratorietest (PCR). Den får du ved å ringe legekontoret på 70 30 70 70.

Alle som har symptom eller er definert som nærkontaktar får gratis hurtigtest ved smittebrakka (ved gamle legesenteret) mellom 1230-1330.