Ingen skadd etter at fotballhallen kollapsa

Tysdag starta demonteringa av fotballhallen. Same kveld ga konstruksjonen etter og raste i bakken. 

  Klikk for stort bilete  

Det var ingen til stades då det skjedde. Hallen kollapsa også innover mot midten, slik at ingen kontruksjonsdelar hamna utanfor sperringane.
Det skal vere eit møte med entreprenørar onsdag, då vil vegen vidare vere eit tema, i tillegg til sjølve kollapsen sjølvsagt.

Stålkonstruksjonane til fotballhallen blei øydelagt av kraftig vind i førre veke.