I forkant vart det i klassene arbeidd med årets tema: MINDRE ALENE SAMMEN.
Elevane hadde med seg skjema heim, der dei kunne innhente sponsorar i forhold til kor mange runde dei sprang. Det var laga til løype med 2 ulike distansar, 400 meter for dei i 1.-4. klasse og ei lenger løype for dei i 5.-7. klasse. Beløp per runde bestemte sponsorane sjølve.
Elevane var veldig engasjerte i gjennomføringa, og mange elevar sprang mange runde kvar. Enkelte konkurrerte om å ha sprunge mest runde. Det vart verkeleg lagt ned ein god innsats.

I ettertid har sponsorinntektene kome inn via spleis, og vi ved Hareid skule er heilt overvelda over givargleda til sponsorane til elevane. Det har per i dag kome inn heile kr 62 668,-.
Elevane fekk fredag utdelt diplom for vel gjennomført innsats, og vi ønskjer å takke alle sponsorane som har bidrege til at dei har klart å samla inn så mykje. Tusen takk!