Jonsokfeiring 2021 - hugs å melde inn bål

Jonsokbålet kan ikkje innehelde malt eller impregnert treverk.Klikk for stort bileteDet tradisjonelle jonsokbålet på Holesanden. Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Det nærmar seg jonsok og mange planlegg å markere dagen med bålbrenning. Brannvesena på Søre Sunnmøre minner om at det i sommarhalvåret er generelt bålforbod i og i nærleiken av skog og utmark. Knut Øystein Ekroll som er branningeniør i Volda brann og redning fortel at  faren for skogbrann kan auke når det vert varmt i været.

Sjølv om det er bålforbod er det lov å tenne opp bål der det openbart ikkje kan føre til brann. Skal du brenne bål i eller i nærleiken av skog og utmark må du søkje brannvesenet om løyve.

Live Gandborg, branningeniør i Hareid og Ulstein brannvesen fortell at UIstein kommune har lokal forskrift som definerer kva du kan brenne, og kvar det ikkje er lov å brenne bål. Når det gjeldar Jonsokaftan, kan du brenne bål etter klokka 12. Du kan tenne bål på stadar med liten fare for brannspreiing dersom det ikkje plagar eller uroar naboane. Du må ha løyve frå grunneigar, og jonsokbål skal meldast inn til Hareid og Ulstein brannvesen, dette for å ha kontroll med omfanget.

Den informasjon vi vil ha inn er plassering av bålet og ansvarleg for jonsokbålet med e-postadresser og mobiltelefonnummer. Frist for innmelding av jonsokbål er den 20. juni 2021 og du finn skjema for søknad om bål på heimesida. Det er ikkje naudsynt å melde inn små bål som skal verte bruk til grilling og koking av kaffi. Grunneigar må ha gjeve løyve til å brenne bål på privat grunn

Bålansvarleg må vurdere om bålet kan tennast på med omsyn til vind, tørt terreng m.m. Ha egna og nok sløkkjemiddel i nærleiken. Sløkjemiddel kan vere hageslange, bøtter med vatn, handsløkkjarar, eller ein kombinasjon av desse. Sløkkemiddel må vere i samsvar med storleiken på bålet. Tende bål skal ikkje forlatast utan at det er sløkt. Det er den som fyrer opp bålet som er ansvarleg for bålet fortel Ekroll.

Klikk for stort bileteSlik skal eit bål ikkje sjå ut. Det er ikkje lov å brenne malt eller impregnert treverke. Hareid og Ulstein brannvesen   Gode råd for bålbrenning

For at jonsokfeiringa skal blir best mulig for alle så er det viktig at du tek sine førehandsreglar. Hege Leite som er branningeniør i Ørsta brann og redning opplyser at det er ikkje lov å brenne avfall. Jonsokbål skal byggast opp av reint treverk i god avstand frå anna brennbart materiale. Med reint treverk meinast treverk som ikkje er behandla, som limt, impregnert eller mala. Kvifor du ikkje får brenne treverk som er behandla er giftstoffa du får i røyken.  Du bør unngå å brenne materiale med spikar og stiftar slik at bålplassen ikkje utgjer ein fare for menneske og dyr etter bålbrenninga.

  

Bygg ikkje bålet for høgt da du må tenke på at bålet kan velte. Legg heller på meir materiale medan det brenn enn å lage det for stort og ustabilt. For å unngå at det vert for sterk varme anbefaler vi å tenne bålet i toppen.

Førebygging av brannskadar

Live Gandborg fortel at det er ikkje er berre brannfaren som du må passe på, du må også unngå personskadar.
Born bør ikkje få gå for nært bålet, og du bør unngå kle som kan brenne eller smelte. Bruk helst kle av ull og bomull, unngå kunstfiber og lause flagrande klede. Særleg dei som skal kle seg ut og gå i fante-/lurvetog bør tenke over kva dei kler på seg seier Gandborg. Dersom du skulle være uheldig å brenne seg så er det viktig å kjøle brannskaden med ein gong. Kjølevatnet bør ikkje være for kaldt, det er anbefalt å kjøle brannskadar med 20 grader varmt vatn i minst 20 min. Det er viktig å huske på at brannskadar utviklar seg over tid, så ein skade som ser udramatisk ut og som ikkje blir nedkjølt med det same kan utvikle seg.
 

Alle må ta ansvar

Dersom bålbrennerane tek ansvar for båla og publikum held god avstand så unngår vi at det oppstår farlege situasjonar. Dersom eit bål skulle kome ut av kontroll må du vere snar med å varsle brannvesenet ved å ringe 110.
Brannvesena på Søre Sunnmøre ynskjer at alle skal få ei god og trygg feiring. Enkelte kommunar har eigne restriksjonar for bålbrenning, det er viktig at du er kjent med reglane som gjeld for den kommunen du skal brenne bål i.