Sunnmøre tingrett (med løyve)
Kvar kommune skal velje eit tal på meddommarar som er tilpassa folketalet. Det skal veljast meddommarar til jordskifteretten, tingretten og lagmannsretten.
I tillegg skal kommunestyret fremje tre personar som skjønnsmedlemmar. Desse skal veljast av fylkestinget.
Det er kommunestyret som gjer det endelege valet i møtet sitt 20. juni. Før det skal forslaget ut på høyring slik at innbyggarane kan seie si meining om samansetnaden.
Forslaget under er sett saman av valutvalet i Hareid kommune. Det er eit tverrpolitisk organ der alle partia i kommunestyret er representerte.
Personane på lista er ei blanding av personar som har vore meddommarar i tidlegare periodar og heilt nye.
Arbeidet med å finne meddommarar er det valutvalet som har stått for. Dei har forsøkt å setje saman utval som speglar befolkninga så godt som råd. Det har også vore eit ønske om å ha ein viss kontinuitet. Dei fleste personane føreslått til lagmannsretten har derfor (minst) vore meddommarar i tingretten tidlegare. I fyrste omgang blei alle meddommarar i denne perioden, som var valbare, spurt om dei ønska å halde fram. Deretter blei det informert på heimeside og andre kanalar om at vi ønska nominasjonar til meddommarar.
Basert på tilbakemeldingar frå nasjonalt hald, bad vi spesifikt om at følgande, underrepresenterte grupper, meldte seg:
- personar mellom 21 og 40 år personar med innvandrarbakgrunn
- studentar eller pensjonistar
Vi måtte også gå ut og særskild be om at menn meldte seg, for å klare å fylle plassane.
Responsen har vore god, særleg frå dei gruppene som blei etterspurt. Då valutvalet skulle gå gjennom kandidatane, var det fleire namn på blokka enn plassar. Valutvalet har derfor hatt mange gode kandidatar å velje blant. Forslaget som blir lagt ut på høyring er også yngre enn for fire år sidan og har også ein større del kandidatar med innvandrarbakgrunn. At nokon ikkje kom med i forslaget handlar ikkje om eignaheit, men ønsket om best mogleg balanse i utvala.
Valutvalet takkar alle nye som har meldt seg og som har takka ja til å halde fram som meddommarar, også dei som ikkje fekk plass. Vervet som meddommar er ein viktig samfunnsoppgåve som er heilt essensielt i den norske rettsstaten.
Innspel?
Dersom du har innspel til forslaget kan du sende e-post til postmottak@hareid.kommune.no eller brev til Hareid kommune, Rådhusplassen 5, 6060 Hareid.
Høyringsfristen er sett til tre veker – 5. juni.
Forslaget
Under følgjer forslaget frå valutvalet som formannskapet har sendt ut på høyring:
(Alder ved starten av valperioden (1. januar 2025) i parentes)
Fem kvinner og fem menn til Sunnmøre jordskifterett*
Laila Bjåstad (44)
Odd Asle Bigset (32)
Margareth Kvalsund (57)
Magnus Holstad (58)
Gudrun Lien Ulstein (57)
Halvard Grimstad (39)
Margrete Longva (51)
Kai Gjerde (50)
Unni Apelseth (61)
Kjartan Grimstad (66)
Tre skjønnsmedlemmar
Gunmar Grimstad (68)
Margaret Alme (63)
Terje Giskeødegård Balsnes (41)
Ni kvinner og ni menn til Sunnmøre tingrett
Sonja Bjørlykke (48)
Idar Flø (65)
Alice Strømmegjerde
Sindre Grimstad (67)
Gry Moe (56)
Andrzej Flemming (52)
Heidi Kvalsvik (58)
Roar Riise (60)
Wenche Jøsok (56)
Ragnar Svensgaard Moe (60)
Renate Røyset Lillebø (42)
Tommy Moldskred (40)
Polina Gankina (30)
Krister Bjerke Haddal (39)
Thea Moe Larsen (28)
Odd Erling Norheim Eriksen (46)
Adriana Iaguzhinskaia (22)
Kjetil Thorvaldsen (50)
Fire kvinner og fire menn til Frostating lagmannsrett
Cecilie Bjørlykke Cecilie (51)
Kennedy Bastian Bastiampillai (60)
Anja Merete Nykrem Korshaug (50)
Olav Helt Brubakk (54)
Priyatharsini Ratnasingam (39)
Stian Dyrvik (40)
Linn Urke (41)
Bård Grimstad (57)
* Ved ein feil, blei Bjørnar Bigset set opp som meddommar i jordskifteretten. Han er no erstatta av Odd Asle Bigset.