Kan ikkje levere strøsand

Hareid kommune har dessverre ikkje moglegheit til å levere ut strøsand til private.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Kommunen opplever ein enorm pågang av henvendingar frå innbyggjarar som vil hente strøsand hjå kommuna for å strø private vegar og innkøyrsler. Kommunen har diverre ikkje moglegheit til å gi bort sand til private. Dersom nokon har behov for strøsand kan dette kjøpast i ei rekke forretninger.