Karantene kan erstattast med testing

Nye karantenereglar frå 25. januar.

Pexels.com   

Frå onsdag 25. januar kan alle nærkontaktar sleppe karantene dersom dei testar seg dagleg. Dette også husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.

Du blir nærkontakt dersom du har vore i kontakt med ein smitta mindre enn 48 timar før personen testa positivt eller fekk symptom. Du må ha vore nærare enn to meter i minst 15 minutt eller hatt fysisk kontakt eller hatt kontakt med sekret (spytt, mm).

Den smitta har no ansvar for sjølv å varsle sine nærkontaktar.

Følgande reglar gjeld no for nærkontaktar:

Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære

(Dei du bur med, bestevener, kjærast, overnattingsbesøk og andre du har hatt nær kontakt med over tid):

Du må i 10 dagar karantene, MEN karantenen kan erstattast av dagleg testing. Godkjende testar kan vere både hurtigtestar og laboratorietest (PCR).

  • Dersom du bur med den smitta, må du teste deg dagleg i 11 døgn
  • Dersom du er «tilsvarande nær», må du teste deg dagleg i 5 døgn

Dersom du ikkje følgjer testregimet må du vere i karantene i 10 dagar og følgje reglane for smittekarantene.

Hurtigtestar får du frå smitteklinikken på legekontoret (inngang frå Strandgata) og testbrakka (ved gamle legesenteret. Sjå koronaportalen for opningstider.

 

Øvrige nærkontaktar

(Til dømes klassekameratar, kollegaar eller personar du har på middagsbesøk)

Øvrige nærkontaktar er ikkje pliktige til å gå i karantene eller teste seg. Vi rår likevel til at de tek to testar:

  • Fyrste test på dag 3 etter nærkontakten
  • Andre test på dag 5

Er du i tvil om du er øvrig nærkontakt eller tilsvarande nær som husstandsmedlem, kan du gå ut frå at du er «tilsvarande nær» og følgje dagleg testregime. Då er du på den sikre sida.

 

Testing av barn

Barn og unge under 16 år skal ikkje testast dersom dette er vanskeleg å få til.

Positiv hurtigtest?

Dersom du eller dine får positivt svar på hurtigtest skal du gjere følgande:

Gå inn på denne sida og registrer den positive hurtigtesten.

  • Føresette registrerer positiv test for barn under 18 år.

Dersom du er under 16 år eller ikkje har fått oppfriskingsdose med koronavaksine skal du I TILLEGG stadfeste hurtigtesten med laboratorietest (PCR).

  • Kontakt legesenteret på 70 30 70 70 for å bestille laboratorietest (PCR) eller profesjonell hurtigtest.

Alle med positiv hurtigtest må isolere seg. Sjå eige punkt på koronaportalen om kva reglar som gjeld for isolasjon.