Kjempeoppslutnad om fellesfyrverkeri!

Næringslivet har verkeleg tatt på seg spanderbuksene i år. Totalt har dei gitt over 40.000 kroner til fellesfyrverkeri på nyttårsaftan! Frå privatpersonar har det kome inn 18.000 kroner!

Klikk for stort bilete 

Det gir ein total på nesten 58.000 kroner. Det er framleis litt igjen til innsamlingsmålet. Send derfor gjerne eit bidrag via Vipps til nummer 582357

Eit overskot frå årets innsamling blir brukt som buffer til neste år, då vi må bestille fyrverkeriet allereie i februar.

Verksemdene som har bidrege til no er:

Intership

5000

Ward1

3000

Eurospar Hareid

5000

Badebutikken

800

Libra Plast AS

5000

Franzefoss Gjenvinning

2000

Sparebanken møre

5000

Pealgia

2000

El-Senteret Hareid AS

3000

Spenncon

1000

Jets Vacuum AS

3000

Hero Camper Sunnmøre

1000

Hareid rør og interiør

2000

Hareid elektriske

3000

 

Tusen hjarteleg takk, både til næringslivet og privatpersonane som støttar dette flotte fellestiltaket!

Fyrverkeriet blir skote opp frå indre molo kl 22. Til alle de som skal nyte fellesfyverkeriet: Smittevernråda om gjeld også på festdagar som nyttårsaftan. Sjå gjerne fyrverkeriet frå din eigen hage om du kan. Dersom du kjem til sentrum og treff kjentfolk, så hugs å halde avstand.