Kjenner du nokon som fortener kulturprisen i Hareid?

Vi vil gjerne høyre om dei som i løpet av året eller gjennom ei årrekkje har betydd mykje for kulturlivet i Hareid kommune.

Klikk for stort bilete

Veit du om ein einskildperson eller ei gruppe av personar, lag og organisasjon som høyrer heime i kommunen og som i løpet av året, eller gjennom ei årrekkje, har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet?

Om du har gjer det, kan du fremje vedkomande som kandidat til Kulturprisen. Framlegget skal vere skriftleg og det skal grunngjevast.

 

Send epost til
postmottak@hareid.kommune.no 

eller per brev til:
Hareid kommune
v/Sektor for læring og kultur
Rådhusplassen 5
6060 Hareid

 

Frist for å melde inn kandidatar er tysdag 10. september 2019.

Har du spørsmål, sjå vår heimeside.