Kjøpmannsgata kan bli stengd på kort varsel

Mobilkranen som skal løfte på plass elementer til helsehuset, må stå i Kjøpmannsgata.

Klikk for stort bilete 

Frå no og ut januar vil Kjøpmannsgata bli stengd på kort varsel. Årsaka er at det skal leggast dekke og beresystem for 1., 2. og 3. etasje på helsehuset og mobilkranen må stå i Kjøpmanssgata (merka raudt på kart)

Entreprenør vil gjere sitt beste for å halde oppe eitt felt slik at trafikken kan passere. Viss gata må stengast heilt, vil det bli skilta omkøyring via Nobba (sjå kart).