Kjøpmannsgata vert stengt omtrent heile neste veke

Frå 14.06 til 17.06 må vi stenge Kjøpmannsgata for trafikk. Arbeidet med å klargjere vegbana for asfalt startar på måndag. Asfalten kjem på tysdag og dei treng nesten heile veka for å ferdigstille arbeidet.

Klikk for stort bileteMåndag starta arbeidet med å asfaltere Kjøpmannsgata. Erlend Friestad  

Klikk for stort bileteSkisse på sperring av veg Gata vert open for varelevering og tilkomst til parkeringsplassane bak Kjøpmannsgata 33. Det vert problematisk å nytte  parkeringsarealet på COOP-taket under delar av arbeidet. Her kan ein nytte den nye parkeringsplassen bak Miljøgata i staden.