Erlend Friestad
Vi håpar du vil kome, anten du er forelder, besteforelder, småsøsken, tante eller onkel, nabo eller berre nyfiken.
Ungdomane, og vi, har sett fram til denne dagen lenge. Fram til no har ungdomsklubben halde til i Floten-bygget. Der har det ikkje vore nok plass. Men no!
Når ungdomane no flyttar inn i kjellaren på rådhuset, der biblioteket var før, får dei over 300 kvadratmeter å boltre seg på.
Sjå film frå klubben:
Teksten held fram etter filmen.
Mange moglegheiter
Det er også masse aktivitetar å finne på. I hovudrommet har vi brettspel, konsollspel, VR-briller, bordtennisbord, biljardbord og storskjerm og masse sitjegrupper.
I tillegg har vi
- kjøkenkrok der vi kan ha bake-workshops eller andre mat-kurs.
- bandrom med musikkinstrument
- scene med flott anlegg
- gaming-rom med fem gaming-PC-ar
Teksten held fram etter biletet.
Medlemmane i ungdomsrådet fekk ein sniktest på fotballspelet i ungdomsklubben.
Erlend Friestad
Målgruppe
Ungdomsklubben er i hovudsak for elevar ved ungdomsskulen og oppover, men kvar onsdag frå klokka 12-xx er det dei eldste på barneskulane (4.-7. klasse) som får tilbodet.
På sikt vil vi også opne for utleige til selskap, klassefestar og anna.
Teksten held fram under biletet.
Erlend Friestad
Fylle med innhald
Lokalet er supert, no er det opp til oss i fellesskap å fylle det med innhald. Kommunen har avgrensa ressursar, vi må derfor spele på frivillige for å kunne ha ope lokalet mest mogleg. I tillegg til vaksenpersonar som kan halde litt orden, treng vi også personar som kan tenke seg å gjennomføre aktivitetar med ungdomane.
Har du ein idé? Del han med ungdomsarbeidar renate.seljeseth.boe@hareid.kommune.no
Kan du tenke deg å vere vaksen på ungdomsklubben? Renate vil gjerne høyre frå deg også.
Her er planteikning av lokalet: