Korleis gi barnet ditt tryggleik?

Hareid helsestasjon inviterer til gratis kurs som skal hjelpe foreldre til mellom anna å forstå barnet sitt og korleis handtere situasjonar som kan vere utfordrande.

Klikk for stort bilete Josh Willink/Pexels   

Hareid helsestasjon arrangerer gratis kurs etter foreldrerettleiingsprogrammet Tryggleiksirkelen (Circle of security parenting, COS-P). Oppstart hausten 2019 er 16. oktober kl 1730.

Kva er tryggleiksirkelen foreldrekurs?

Tryggleiksirkelen er ein modell som kan hjelpe deg å sjå og forstå barnet sitt behov og følelsar.

Som foreldre kan vi alle til tider føle oss opprådde og ikkje vite korleis vi skal handtere og forstå barnet vårt.

Vi ønsker å gi foreldre eit verktøy som kan vere til hjelp i kvardagen med borna. Eit «vegkart» som gir retning. Kurset handlar både om det å kunne sjå barnet innanfrå og seg sjøl utanfrå og kva signal borna og foreldre sender til kvarandre. Programmet bygger på forskningbasert kunnskap om korleis foreldre-barn-relasjonar kan støttast og styrkast.

På kurset får du hjelp til:

  • Å forstå barnet ditt
  • Korleis hjelpe barnet med følelsar
  • Korleis bygge barnet sin sjølvfølelse som deira grunnmur
  • Korleis handtere situasjonar der barnet oppfører seg utfordrande
  • Korleis takle eigen frustrasjon i møte med barnet
  • Korleis finne balansen mellom det å være tydelig, men samtidig god, i krevjande situasjonar med barnet   

Kven kan delta på kurset?

Kurset er anbefalt til alle foreldre, men passar best for foreldre med barn opp til og med barneskulealder. Du treng ikkje oppleve at foreldrerolla er vanskelig, eller at ditt barn har behov for noko spesielt. Tilbudet er til deg som ønsker å hjelpe barnet ditt til å få ei trygg tilknytning.

Kurset er gratis og går over 7 samlingar à 1,5 time kvar gong. Kurset vert halde av to helsesjukepleiarar som er sertifiserte rettleiarar i Tryggleiksirkelen (COS-P), og gjennomførast på Hadartun.

Kursdatoar hausten 2019:

  • 16. oktober
  • 23. oktober
  • 30. oktober
  • 6. november
  • 13. november
  • 20. november
  • 27. november            

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med:

Ann Elin Skeide, mobil: 954 61 323, e-post: ann.elin.skeide@hareid.kommune.no

Hanne Voksøy, mobil 954 72 968, e-post: hanne.voksoy@hareid.kommune.no