Korleis har du det, eigentleg?

I februar 2021 skal Møre og Romsdal fylkeskommune, i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), for første gong gjennomføre ei folkehelseundersøking for å kartlegge innbyggjarane sin trivsel, livskvalitet og eigenvurdert helse.

Klikk for stort bilete Pexels.com/Andrea Piacquadio  

Frå måndag den 1. februar vil Møre og Romsdal fylkeskommune gjennomføre ei folkehelsehelseundersøking  i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI). 
Undersøkinga blir sendt ut til omlag 56 000 innbyggarar i fylket over 18 år, av desse vil 1175 vere hareidsdølingar. Per 4. februar har 22,9 prosent svart. Det er blant dei dårlegaste svarprosenta i fylket. Mannfolka er dårlegast til å svare.

Du har fram til og med 14. februar til å svare.

Invitasjon er sendt via SMS og e-post.
Undersøkinga tek for seg tema som nærmiljø, eigenvurdert helse, sosial støtte, einsemd, helserelatert åtferd, skader, fysisk miljø, mobilitet, universell utforming og livskvalitet. 

Kvifor 

For å kunne utvikle eit samfunn som i større grad ivaretek og fremjar trivsel, livskvalitet og helse, er det viktig å vite korleis folk har det. Her gir vi innbyggerne i Møre og Romsdal moglegheit til å bidra med korleis dei sjølv opplever kvardagen på ein rekke viktige områder. Med slik informasjon kan vi rette virkemidla våre mot befolkninga sine faktiske behov. 

Kommuner og fylkeskommuner er forplikta til å fremje folkehelse gjennom sitt plan- og utviklingsarbeid (Lov om folkehelsearbeid §§ 4-6, 20,21). For å kunne gjennomføre dette, er det viktig å vite kva behova er. Informasjonen vi samler inn i denne undersøkinga blir eit viktig kunnskapsgrunnlag i arbeidet med å gjere Møre og Romsdal til ein betre stad for alle. 

Korleis 

Omlag 56 000 tilfeldig utvalgte personar i Møre og Romsdal vil bli invitert til å besvare undersøkinga. Spørreskjemaet er digitalt, og invitasjonene blir sendt med e-post og tekstmeldingar. For å kunne vurdere kommunen, og ikkje berre fylket totalt sett, er ein avhengig av stor nok svardeltaking.

Deltaking 

Erfaringar frå andre fylke som har gjennomført tilsvarande undersøking viser at den digitale gjennomføringa ikkje bidrar til å redusere deltakinga blant dei eldste. I Agder var deltakinga høgast i aldersgruppa 60-69 (59% svar), tett fulgt av aldersgruppa 70+ (56% svar). 

Hovedutfordringa er å få unge til å delta, særlig unge menn. Basert på erfaringane frå Agder er deltakinga her ned mot halvparten av det vi ser blant dei eldste. 

Det er viktig at flest mogleg deltek for å sikre eit mest mogleg korrekt bilde av situasjonen i befolkninga. 

Kva skjer vidare med resultata? 

Resultata blir kvalitetssikra og anonymisert av FHI. Deretter vil Møre og Romsdal fylkeskommune og dei kommunane der det er mange nok svar kunne motta resultata frå undersøkinga. 

Personvern 

Ingenting av informasjonen som blir samla inn vil bli publisert på ein måte som gjer det mogleg å identifisere enkeltpersonar, og alle opplysningar blir behandla utan navn, fødselsnummer eller andre direkte identifiserande opplysningar.  

Folkehelseinstituttet (FHI) er ansvarlige for gjennomføring og oppbevaring av informasjonen, og sikrar at alt skjer på ein forsvarlig måte, i tråd med gjeldande reglar. Kommunar og fylkeskommunen vil berre motta anonyme datafiler for bruk i vidare analysearbeid. 

Sjå FHI sine nettsider om fylkeshelseundersøkinga og om personvern i folkehelseundersøkelser for detaljar.