Korleis har ungdomane det? / Prikkar til hotellet? / Kontroll av SSR / Ekspropriasjon av eigedom?

Dette er nokre av sakene som står på agendaen når kommunestyret møtest 14. november kl 18.

  Klikk for stort bileteBilete frå Signalhornet. Takk til fotograf Birte Bigset som lar oss få låne biletet. Birte Bigset   

Viss de vil møte politikarane før møtet, held dei gruppemøte på rådhuset måndag 11. november frå kl 19-1945. Gruppemøta er opne for alle.

Her er eit kort oversikt over nokre av sakene som skal opp. Komplett sakliste vil bli tilgjengeleg på innsynsportalen fredag.

 

Korleis har ungdomane det?

Ungdata undersøking blei gjennomført i ungdomsskulen i Hareid våren 2019.

Ungdata er eit spørjeskjemabasert verktøy som inneheld spørsmål og tema knytta til ulike livsområder som foreldre, vennskap, skule, fritid, helse tobakk og rus.


Prikkar til Melshorn hotell?

Melshorn hotell har ikkje levert omsetningsoppgåve for alkohol. Ifølgje alkoholforskrifta vil det gi verksemda to prikkar. Dersom dei får 12 prikkar på to år, vil dei kunne miste løyve til å servere alkohol. Det er kommunestyret som bestemmer om avviket skal føre til prikkar.

 

Ekspropriere eigedom for å bygge reinseanlegg

Hareid kommune skal etablere avløpsreinseanlegg og har behov for å gå i prosess om ekspropriasjon for å få tilgang på arealet som er regulert til formålet. Sjølv om ein har kome til semje om mange punkt med aktuell grunneigar, har ein ikkje klart å kome i mål med grunnavtale med alle eigarane. For å kunne halde tidsplanen og få starte bygginga av reinseanlegget til planlagt tid, ser administrasjonen det som nødvendig å kunne starte prosessen med ekspropriasjon. Reinseanlegget har vore planlagt i svært mange tiår, og det er viktig å få dette gjennomført snarast. Det er behov for å sende ut varsel om ekspropriasjon

 

Kontroll av SSR og vatn, avlaup og renovasjon

Kontrollutvalet legg fram to rapportar for kommunestyret. Den eine har dei sett på SSR og den andre innkjøpsrutinene i vatn-, avlaup og renovasjon. Kontrollutvalet har levert to samrøystes innstillingar med forslag til korleis kommunen kan følgje opp rapportane.

 

Oppdatert adresseforskrift

Reglane for korleis kommunen gir namn til gater, stader, byggefelt med meir har vore på høyring sidan før sommaren. Dei er i stor grad vidareføringa av gjeldande regler, men det har vore eit behov for å tilpasse dei til dagens lovverk og politiske og administrative organisering. Det kom ingen innspel  høyringsperioden. Tilrådinga er at kommunestyret vedtek forskrifta slik den ligg føre.