Korleis ønsker vi at Hareid kommune skal sjå ut om 20-30 år?

Velkomen til folkemøte torsdag 12. september.

Klikk for stort bilete

Hareidssamfunnet må utviklast gjennom fleire fasar. Prosjektet Vekst i Hareid er sentralt for å sparke i gang ulike prosessar. For å få til suksess må bygdefolket engasjere seg og kome med innspel og idear på kva som kan gjerast.

Derfor inviterer Hareid Næringsforum, Hareid Kommune og Vekst i Hareid absolutt alle «som kan krype og gå» til Folkemøtet som blir organisert som ein idédugnad på Hareid Group sine lokale på Raffelneset.

Dato: 12. september klokka 18.

Vi skal tenkje STORT og mykje større enn STORT. Vi skal få til ein knakande god diskusjon om korleis vi ønsker at Hareid skal sjå ut om 20-30 år! Ingen ide er for vill og spenstig, her må vi alle drøyme og sjå langt fram. Vi skal sjå på Hareid i fugleperspektiv der ein ser alt i ein heilheit. Då kan alt skje!

På Folkemøtet er det bygdefolket som sit i førarsetet. Vekst i Hareid skal legge til rette for ein prosess der alle skal vere inkluderte og verte høyrt.

Vi gler oss til å høyre innspela dykkar om framtida for Hareid kommune!
Les meir om folkemøtet her.