Korona-info for næringslivet

Oppdatert 18.03 10:00

Her legg vi ut informasjon som er relevant for næringslivet under koronakrisa.

Nylege oppdateringar:

  • presisering av dispensasjonsmoglegheiter
  • meir info frå Nav

Klikk for stort bilete 

Nav (for arbeidsgivarar):

Arbeidsgivarar som har spørsmål om permitteringsreglar kan få bistand av følgande personar i Nav. I dette dokumentet, kan du lese meir om retningslinjer og reglar ved permittering og oppseiing. (PDF, 112 kB)

  • Oddvor F Hovden, 482 52 094
  • Kåre Hansen,  406 02 047
  • Roy Vadset, 950 73 188
  • Ragnar Svensgaard Moe, 922 49 236
  • Janne Ringstad,  466 22 319

Les meir om permitteringsreglane her.

 

Informasjon om Hareid sin karantene-ordning

Karantenen som Hareid kommune innførte søndag 15. mars for alle som har vore utanfor Møre og Romsdal fylke, gjeld berre for innbyggarar i Hareid kommune. Det vil seie at om du har tilsette som bur i anna kommune, men har vore utanfor fylket, kan dei gå på jobb – sjølv om verksemda di ligg i Hareid kommune.

Vi vil likevel sterkt oppmode enkeltpersonar og verksemder til å følgje intensjonen i vedtaket å halde seg heime, eller vere særskild nøye med å førebygge smitte viss dei går på jobb.

Dispensasjonar

Hareid kommune kan gi unnatak for karantenen for samfunnskritisk personell. Samfunnskritisk personell er definert som personar som jobbar med mellom anna styring og kriseleiing, forsvar, lov og orden, transport, helse- og omsorg og redningsteneste. Sjå denne lenka fleire kategoriar.

Det kan også bli gitt unnatak i dei tilfelle der forflytting av personell er nødvendig for å sikre tilgjengelig mannskap for fortsatt drift av verk/prosjekter/bedrifter eller for å oppretthalde logistikk inn til og ut fra virksomheter.

Søknadar skal sendast på e-post til postmottak@hareid.kommune.no og vil verte handsama fortløpande.