Korona-lettingar frå torsdag

Regjeringa har sett i gang trinn to i gjenopningsprosessen. Frå torsdag kan du ta imot fleire gjestar heime.

Klikk for stort bilete 

­- Vi ser at talet på sjukehusinnleggingar går ned. Smittetala er stabile. 36 prosent av alle over 18 år har fått fyrste vaksinedose. Vaksineringa går etter planen. Etter ei heilskapleg vurdering, meiner regjeringa derfor det er forsvarleg å gå vidare til neste trinn i gjenopninga av Noreg, sa Erna Solberg på ein pressekonferanse før helga.

Her kjem ei oppdatering med dei nye råda og reglane som gjeld frå og med torsdag 27. mai.

For full oversikt over gjeldande reglar og råd, sjå koronaportalen vår. Her finn du til ein kvar tid oppdaterte råd og reglar.

Hareid kommune har ingen eigne reglar eller råd, og følgjer derfor dei nasjonale råda og reglane.

For at vi skal kunne halde fram med det, er vi avhengige av at vi ikkje får lokale utbrot. Faren for det er ikkje over. Vi må derfor minne alle om å halde dei gode smittevernråda:

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald avstand, minst 1 meter til dei du ikkje bur med
  • Vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe.

 

Besøk heime - råd

No gjeld rådet om å ha maks ti personar på besøk heime, så lenge gjestane kan halde 1 meter avstand. Dei som er rekna med i «beskytta gruppe»* tel ikkje med.

Du er med i beskytta gruppe:

  • Dersom det har gått mellom 3-15 veker etter fyrste vaksinedose
  • Dersom du har fått begge vaksinedose
  • Dersom du har hatt covid-19 det siste halve året (og er ute av isolasjon)

Arrangement – reglar

(For desse punkta gjeld ikkje reglane om at dei i beskytta gruppe ikkje skal telje med.)

For innandørs idretts- og kulturarrangement for barn og unge under 20 år, aukar talet på deltakarar til 100. Desse arrangementa må berre samle deltakarar frå same kommune.

For andre innandørsarrangement aukar talet på deltakarar

  • til 50 dersom det ikkje er faste tilviste plassar
  • og til 200 dersom det er faste tilviste plassar

Private samankomstar utanfor eigen heim, kan no samle 20 personar innandørs og 30 utandørs.

 

Innanlandsreiser - råd

Rådet om å unngå unødige innanlandsreiser er no tatt bort.

Dersom du vil reise er det framleis viktig å halde reglane og råda frå den «strengaste» kommunen (Dersom du reiser frå Oslo til Hareid må du halde råd og reglar for Oslo. Det same gjeld om du reiser frå Hareid til Oslo.)

Planlegg reisa slik at du i størst mogleg grad unngår å spreie smitte.

 

Fritidsaktivitetar - råd

Vaksne kan no vere fleire samen når dei held på med fritidsaktivitetar. Innandørs er rådet at gruppestorleiken aukar til 20, medan den er 30 utandørs. Fleire grupper kan halde på samstundes, så lenge dei er delt inn i kohortar.

 

Skjenking - reglar

No kan serveringsstader og andre med skjenkebevilling, skjenke alkohol til midnatt. Etter dette kan dei heller ikkje sleppe inn nye gjestar.

 

Skule og barnehage

Skular og barnehagar har styrt etter gult nivå etter nasjonale føringar. No opnar regjeringa for at kommunane sjølv kan bestemme tiltaksnivå og gå ned til grønt nivå om det er lite smitte.

Kriseleiinga i Hareid kommune skal ha møte fyrstkomande fredag. Då står dette punktet på agendaen.