Korona: Næringslivet, sjukeheimar, skular og barnehagar treng vår hjelp!

Klikk for stort bilete Pexels.com  Vi kan ikkje gi oss no.

I Hareid kommune har vi ikkje hatt smittetilfelle sidan mars. Det får kanskje mange til å tenke at smittevern ikkje er så viktig her. Det er dessverre ein farleg tanke. Det smittevernet vi har no i «fredstid», er det som skal hindre store utbrot i kommunen viss vi får nye enkelttilfelle.

Før det «smalt» i til dømes Bergen, hadde kommunen god kontroll. I løpet av heile juni og juli hadde byen om lag ti smittetilfelle. Så kom august med mange rapportar om slett smittevern. Dei siste to vekene er det registrert 250 covid-19-tilfelle i Bergen.

Covid-19 kan slå ut i fleire former. For mange er det berre som ei forkjøling eller influensa – for andre kan det bli svært alvorleg. Det er derfor nasjonale helsemyndigheiter har sagt at vi må handsame alle tilfelle av luftvegsinfeksjonar som om det er covid-19.

Det betyr at om du er forkjøla eller har andre symptom på luftvegsinfeksjon, skal du halde deg heime. Dette gjeld sjølv om du har fått negativt svar på ein eventuell covid-19-test.

Bristepunktet

Kvifor det, lurer du kanskje på? Sjølv om du er sikker på at du ikkje er koronasmitta, vil du kunne smitte andre med forkjølinga di, og då må dei gjennom same runden med karantene og testing.

Jo fleire som er forkjøla, jo fleire må vere heime frå arbeid. Det får konsekvensar for næringslivet som ikkje får ha sine tilsette på jobb og dermed må utsette oppdraga dei har.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen!

 

Mange kommunar melder om at skular og barnehagar slit med å ha nok tilsette på jobb, fordi mange må vere heime på grunn av luftvegsinfeksjonar. Hareid kommune er ikkje eit unnatak. Det er ein reell risiko for at vi må endre på barnehagane sine opningstider og korleis skulane gir elevane undervisning. Kva kan resultatet av det bli? Jo at endå fleire tilsette i næringslivet må vere heime for å passe barna sine.

Vi kan klare det!

Denne «indirekte», men alvorlege, konsekvensen av covid-19 hjelper vi alle til med å dempe når vi følgjer dei nasjonale råda for smittevern:

  • Ver heime om du er sjuk med luftvegssjukdom – uansett om det berre er ei mild forkjøling eller du har fått negativ covid-19-test. Då smittar du ikkje andre som igjen må vere heime.
  • Hald deg til «meteren». Avstand er ein av dei viktigaste barrierane for å hindre smitte.
  • Vask hendene ofte og grundig. Lunka vatn og såpe drep og fjernar virus og bakteriar av alle slag.
  • Følg elles råda frå nasjonalt hald.

Også på sjukeheimen har vi utfordringar med høgt sjukefråver på grunn av karantene. Det er ekstra viktig å vere påpasseleg med smittevern her, då dei eldre har høgare risiko for å bli alvorleg sjuk av covid-19. Til forskjell frå barnehagar og skular, kan vi ikkje stenge ned sjukeheimar viss vi ikkje har nok folk. Resultatet er at dei gamle får dårlegare teneste.

Vi bestemmer!

No går vi inn i forkjøling- og influensasesongen. Dermed blir råda ovanfor ekstra viktige.

Det er vi - du og eg - som bestemmer om dette blir ein negativ spiral som fører til nedstenging, eller om vi skal få ein haust og vinter der vi framleis kan møtast ute, heime og på arbeidsplassane våre.

Takk for innsatsen din!