Korona: nye råd og regler frå 20. januar

Regjeringa vidarefører i hovudsak dei strenge smitteverntiltaka for å stoppe ei ny smittebølgje. Det er likevel rom for å sleppe opp litt for barn og unge.

Klikk for stort bileteViktigast: Hugs avstand og god handhygiene! Pexels.com  


Hareid kommune følgjer dei nasjonale råda og reglane, og har ingen lokale råd og retningslinjer utover det som står her.

Desse råda og reglane gjeld frå 20. januar og så lenge det er naudsynt. Regjeringa vil fortløpande vurdere situasjonen.

Sosial aktivitet/arrangement

  • Alle bør avgrense sosial kontakt.
  • Du blir oppmoda om å møte andre utandørs og ikkje ha fleire enn 5 gjestar i tillegg til dei du bur med.
  • Dersom alle gjestane kjem frå same husstand, kan du ha fleire enn fem gjestar, men hugs avstandsreglane.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
  • Arrangement bør utsettast eller avlysast
  • Dersom arrangement må gjennomførast:
    • Maks ti personar på private samlingar utanfor eigen heim (til dømes bursdag i leigd lokale.)
    • Offentlege arrangement: maks 10 personar
    • Dersom arrangement-stad har fastmonterte stolar med naudsynt avstand, kan ein ha 200 publikummarar.
    • I gravferder kan det vere 50 personar til stades sjølv om stolar ikkje er fastmonterte
    • Utandørs arrangement kan ha 200 deltakarar, eller 600 dersom alle i publikum sit i fastmonterte seter.
    • Arrangement utsettast dersom dei samlar personar frå fleire kommunar.
  • Frå fredag kan serveringsstader servere alkohol saman med mat. Det er ikkje lov å sleppe inn gjestar etter klokka 22 og alkoholseveringa må stoppe med midnatt.
  • For alle arrangement og samlingar må de kunne overhalde smittevern- og avstandsreglane.

Trening/fritidsaktivitet

  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei treng heller ikkje halde 1-meteren når det er naudsynt for å drive aktiviteten.
  • Barn og unge kan trene både ute og inne, men kamper, cuper, stemne osb må framleis utsettast.
  • Vaksne blir fråråda å drive organisert aktivitet innandørs. Utandørs kan vaksne tene med god avstand.
  • Toppidretten blir råda til å utsette alt seriespel i to veker.

Reise-restriksjonar

  • Unngå reiser i inn- og utland som ikkje er naudsynte.
  • Reiser til studiestad kan bli rekna som ein naudsynt reise
  • Du kan reise på hyttetur med dei du bur med, men følg lokale råd og reglar.
  • Alle som kjem til Noreg må teste seg på grensa. Dei må også vise fram negativ koronatest tatt under 72 timar før dei kjem til Noreg. Alle må også i ti dagars karantene. Etter to negative testar i Noreg kan du gå ut av karantene etter sju dagar.
  • Personar som ikkje har fast bustad eller egna karantenestad må bu på karantenehotell.
  • Følg retningslinjer og råd frå nasjonale mynde.