Korona-råd og -reglar for 17. mai: Kva er lov og kva er lurt?

Det er ingen endringar i reglar for nasjonaldagen. Dei same råda og reglane som gjeld 16. og 18. mai, gjeld også 17. mai.

Klikk for stort bilete 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Hugs dei generelle smittevernreglane:

  • Hald avstand, minst 1 meter, til dei du ikkje bur med.
  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Vask hendene ofte og grundig. Bruk handsprit om vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg.
  • Reglar: Kva som er lov og ikkje
  • Råd: Kva som er lurt og ikkje lurt.

Gjestar i heimen

  • Du blir råda til å møte folk utandørs.
  • Du blir råda til å ikkje ha meir enn fem gjestar. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand, kan du ha fleire enn fem.
  • Barn i barnehage og barneskule kan ha besøk av barn frå same kohort og med naudsynte vaksne tilretteleggarar.
  • Personar som er vaksinerte blir ikkje rekna blant dei fem. Personar som er vaksinerte treng heller ikkje å halde avstand til personar som ikkje er i risikogruppa. Les meir på helsenoreg.no.

Gjestar utanfor heimen

  • Med ein gong du er utanfor heimen og skal samlast, blir det definert som ein privat samankomst. Då gjeld covid-19-forskrifta. Det er straffbart å bryte reglane. Dei særskilde råda for vaksinerte gjeld ikkje her.
  • Innandørs: Maks 10 gjestar, inkludert vert. Vaksinerte tel også som gjestar.
  • Utandørs: Maks 20 gjestar, inkludert vert. Vaksinerte tel også som gjestar.

 

Tog/kransenedlegging/appellar – og andre arrangement

Vi rår til at arrangement som samlar personar frå fleire kommunar, blir avlyst.

Tog, kransenedleggingar, appellar, konsertar, annonserte musikkinnslag med meir,  er definert som arrangement etter covid-19-forskrifta.

Tilskodarar til tog vil ikkje bli rekna som deltakarar så lenge dei ser på toget frå sin eigedom. Vi oppmodar tilskodarar til å halde seg til sin husstand/selskap.

Då gjeld følgande reglar:

  • Innandørs utan faste, tilviste plassar*: 10 personar
  • Innandørs med faste, tilviste plassar*: 100 personar
    Innandørs idretts- og kulturarrangement for barn og unge under 20 år frå same kommune: 50 personar
  • Utandørs utan faste, tilviste plassar*: 200 personar
  • Utandørs med tilviste faste plassar*: 600 fordelt på 3 kohortar med 200 i kvar kohort - og minst to meter mellom kvar kohort.

Faste, tilviste plassar: Faste, tilviste sitteplasser er definert som at publikum kan sitte på stol, benk eller liknande, eller på ein fast plass på golvet under heile arrangementet. (Husk krava om avstand.)

Som arrangør er du ansvarleg for smittevernet på arrangementet. Du må også registrerer deltakarane.