Koronainfo: skule og barnehage, ressurssenter, kulturskule og bibliotek

Oppdatert 31. mars kl 1200

Her finn du oppdatert informasjon om situasjonen på barnehage-, skule- og flyktningtenestene våre med meir. Klikk for stort bilete 

Siste oppdateringar:

  • Info om barnehageplass i påsken.
  • Informasjon om betalingsfritak for barnehage og SFO

Sjå også vår koronaportal for informasjon om dei andre tenestene våre.

Stenging av skular og barnehagar i Hareid kommune på grunn av koronapandemien er gjort på ubestemt tid.

Spørsmål kring drift i barnehage og skule kan rettast til leiaren for eininga du har barn/elevar i.

Spørsmål/ behov for barnehageplass/skuleplass til barn med føresette som har kritiske samfunnsfunksjonar skal rettast til kommunalsjef for læring og kultur, Eivind Longva.

Ordninga med barnehageplass for barn med føresette som har kritiske samfunnsfunksjonar gjeld også måndag-onsdag i påskeveka.

 

Syverplassen barnehage

Barnehagen er stengt, men er base for barn som har føresette som har kritiske samfunnsfunksjoner.  

 

Bigset barnehage

Barnehagen er stengt, og vil bli vaska ned og desinfisert. 

 

Hareid barnehage

Barnehagen er stengt, og vil bli gjort om til midlertidig helsestasjon.

 

Gnist barnehage Holstad 

Barnehagen er stengt og blir vaska ned og desinfisert.

 

Hareid ungdomsskule

Skulen er stengt, og vil bli vaska ned og desinfisert.

Informasjon om fjernundervisning

Alle elevar frå 8.- 10.-klasse har eigen chromebook eller berbar PC som no skal nyttast både til undervisning og kommunikasjon mellom heim/skule. Elevane loggar seg inn i Google Classroom - læringsplattformen som allereie vert nytta for alle elevar og lærarar. Alle føresette vil få ei orientering frå kontaktlærar, om korleis undervisninga blir lagt opp dei komande vekene.

Skulen vil legge til rette for ei undervisning som held oppe det faglege fokuset først og fremst i faga norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, naturfag, og KRLE. For 9.-steget vert også mat- og helsefaget prioritert. Timeplanane vert endra, sidan skulen vil planlegge for bolkar, framfor einskildtimar.

Alle elevane kjem til å ha kontakt med sin kontaktærar gjennom funksjonen Google Meet til eit fast tidspunkt kvar dag - med faglærar, noko sjeldnare. Elevane kan i tillegg nytte chattefunksjonen Hangouts for å ta kontakt med medelevar og lærarar.

Skulen freistar å tilpasse undervisningskvardagen til kvar einskild familiesituasjon, og ynskjer difor ein tett dialog med elev og føresette. Alle lærarar har heimekontor, og det vert høve både for elevar og foreldre å ta kontakt på telefon innanfor ordinær undervisningstid.

 

Dei kommunale barneskulane

Alle dei kommunale barneskulane, bortsett frå Hareid skule, er stengde og vil bli vaska ned og desinfisert.

Hareid skule er stengt, men er base for barn frå 1.-4. klasse som har føresette som har kritiske samfunnsfunksjoner. Føresette som tilhører denne gruppa må kontakte kommunalsjef for læring og kultur for å få avklara skuleplass.

Informasjon om fjernundervisning 

Alle elevar frå 1.- 7.klasse, har ipad som no skal nyttast både til kommunikasjon og opplæring. Appen Showbie vil vere læringsplattforma som vert nytta for alle elevar og lærarar.
Alle føresette vil få ei orientering frå kontaktlærar for sine born, om korleis undervisninga vil bli lagt opp dei komande vekene.

Generelt kan ein seie at det blir lagt opp til 2-4 økter med skulearbeid kvar dag, innanfor faga norsk, matematikk og engelsk. I tillegg vil elevane få praktiske oppgåver der ein legg vekt på kreativitet og fysisk aktivitet.

Elevar i 3.-7.klasse vil ha kontakt med lærarane gjennom chat-funksjonen i Showbie, og på telefon ved behov.
I 1. og 2. klasse vil læraren opprette kontakt over telefon 1-2 gongar i veka. Ein vil ha tett dialog med føresette, og freiste å tilpasse undervisningskvardagen til kvar enkelt familiesituasjon.

 

Brandal friskule

Skulen er stengt, og vil bli vaska ned og desinfisert. Heimane har fått info på epost.

 

Hareid musikk- og kulturskule

Skulen er stengt, og vil bli vaska ned og desinfisert.

Skulen er i ferd med å starte opp fjenundervisning og alternative undervisningsopplegg for elevane.

 

Hareid folkebibliotek

Biblioteket er stengt, og vil bli vaska ned og desinfisert.

 

Ressursenteret

All aktivitet ved senteret er avslutta. Det vil bli vaska ned og desinfisert. Det vil likevel vere vakt i flyktningtenesta som kan rettleie flyktningar som har spørsmål knytt til pandemien. Dei kan kontakte Ingeborg Bjåstad på telefon 48276412, eller Bjørg Vartdal Hareide på telefon 94830514.

Ressurssenteret vil drive fjernundervisning for elevane ved grunnskulen og norskkurs for deltakarane på dagtid via google classroom, læringsplattforma elevane/deltakarane er van med å bruke.
Kontaktlærar og faglærar vil ha kontakt med alle elevar og deltakarar dei dagane dei elles har tilbodet via chat, meet og hangouts-funksjon der ein kan kommunisere ein til ein , eller i gruppe med videooverføring. Det vil og bli gitt nettundervisning live i enkelte fag.

Grunnskuleelevar vil få eit fullverdig tilbod i dei fem faga som er kravet, og med det førebu seg til avgangseksamen i mai som planlagt.

Norskkurs-deltakarane vil få eit noko redusert timetilbod i denne perioden grunna praktiske og tekniske omsyn, men får med dette høve til læring og praktisering fram mot norskprøvene som er grunnlag for opphaldsløyver etc. i mai/juni. Slik stettar kommunen deira rett til undervisningstimar etter introduksjonslova. Språkpraksis som er ein del av norskundervisninga, er stogga i denne perioden.

Samfunnskunnskapskurset og kveldskursa er avlyst og vert utsett til seinare.
Samfunnskunnskapsprøva, statsborgarprøva vert ikkje mogeleg å bestille og  gjennomføre i denne perioden. Ber om forståing for det.

Likeeins gjeld dette etablererprøva, samt sal og skjenk av alkoholprøver.

Det spesialpedagogiske tilbodet for vaksne vert stetta etter behov.

********