Koronaråd for vinterferien

Det er vinterferie straks! Her får du gode smitteråd om du tenker å kome heim til Hareid – eller skal på tur ut i landet.

Klikk for stort bileteNonsberget i Hareid kommune. 


Dersom du har vore på ferie eller er tilreisande frå eit område med høgt smittetrykk, kan det vere lurt å ta ein koronatest når du kjem til Hareid kommune. Dette gjeld spesielt dersom du har vore i kommunar med utbrot av mutert virus.

Du er ikkje pålagt karantene dersom ein er tilreisande frå andre kommunar, men vi har følgande råd til deg som er tilreisande dei første 10 dagane etter at du har kome til Hareid kommune:

Ein god tommelfingerregel er å følgje smitteråda frå den kommunen med strengast råd og reglar. Til dømes, kjem du frå Oslo, held du fram med å følgje råda som gjeld frå Oslo. Reiser du frå Hareid frå Oslo må du også følgje råda og reglane som gjeld for Oslo.

Elles:

  • Test deg om du kjem frå eit område med høgt smittetrykk. Dette gjeld særleg om du har vore i område med mutert virus.* Ta kontakt med legesenter for å avtale testing.
  • Ha få nærkontaktar og hald avstand til andre.
  • Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Unngå besøk på sjukeheim, omsorgsbustad, eldre og folk i risikogruppene. Det vert gjort unntak ved alvorleg sjukdom og i livets sluttfase i samråd med institusjonen.

Så lenge dei kjenner seg friske kan elevar gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og arbeidstakarar kan gå på arbeid sjølv (med mindre arbeidsplassen har eigne retningslinjer etter innanlandsreiser)

Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom, bør du ta ein koronatest så snart som råd, halde deg heime til du kjenner deg frisk og har fått svar på testen.

Dei andre kommunane på Søre Sunnmøre har gitt liknande råd.

* Dersom du ikkje har symptom kan du gjerne vente nokre dagar før du tek testen, då det i gjennomsnitt tek 4 - 6 dagar frå ein person er smitta til symptoma oppstår eller viruset kan påvisast. Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom eller har vore i kontakt med nokon med påvist smitte, bør du sjølvsagt ta ein koronatest så snart som råd. Dersom du har tatt ein negativ test og seinare får symptom bør du ta ein ny test, då testen berre viser eit augeblinksbilete. 

I tillegg må du følgje dei nasjonale råda for vinterferien, som du finn på helsenorge.no.