Koronasituasjonen i Hareid kommune: Kvifor gjer vi det vi gjer

Kriseleiinga har hatt møte etter dei nye innstrammingane.

Erlend Friestad  

Vi innfører ingen eigne reglar og råd, men oppmodar alle om å følgje dei nasjonale råda og reglane.

Det kan vere lett å gå seg vill i tolkingar av råd og reglar. Det viktigaste å hugse på då er intensjonen bak:

  • Vi skal unngå å ha for mange nærkontaktar og vere så nære kvarandre at viruset kan spreie seg.

Det som gjer oss bekymra

Når det gjeld smitte er vi til dels i ein ny situasjon. Vi har mellom anna smitte i skulane, og ser at personar blir smitta i kommunen og ikkje berre andre stader. Men trass at vi er på ein smittetopp i kommunen, har vi førebels kontroll. Mykje tyder på at vaksinen vernar mot alvorleg sjukdom – også frå omikronvarianten.

Det som gjer oss mest bekymra er bemanningssituasjonen i sektor for velferd. Dei tilsette er slitne etter å ha stått på langt utover normal arbeidstid i to år no, og vi må gjere det vi kan for å unngå at fleire vert sjuke, og det vert meir arbeid på færre hender fordi kollegaer må vere heime.  Dei jobbar med sårbare grupper og må ta større omsyn ved mistanke om smitte. Vi har allereie ei utfordrande vikarsituasjon, og nå går vi snart inn i julehøgtida der vi håper at mange endeleg skal få puste litt ut. Det vil då vere svært uheldig om vi får så mange smitta eller i karantene at vi må kalle folk tilbake frå ferie for å gi forsvarlege tenester på sjukeheimen og andre stadar i sektor for velferd. Om vi ikkje greier å dekke opp behova ved hjelp av tilsette i velferd må andre vere budde på å hjelpe til.

Eit smitta barn kan til dømes gjere at foreldre ikkje kan gå på jobb, anten fordi dei må passe barnet, eller fordi vi ser på det som sikrast at dei ikkje har tett brukarkontakt.

Grepa vi gjer vidare handlar derfor fyrst og fremst om å sikre drifta i dei kommunale tenestene både i barnehage og skule, men fyrst og fremst i sektor for velferd.

 

Kommunestyremøtet 9. desember

Torsdag skal det vere kommunestyremøte. Det vil vere eit fysisk møte. Arrangementsreglane gjeld ikkje for folkevalde møte, men vi vil følgje intensjonen bak desse likevel. Vi gjer mellom anna følgande:

  • Det skal vere låg terskel for å melde forfall (symptom, nærkontakt mm)
  • Deltakarane må halde avstand til andre
  • Vi kjem ikkje til å ha matservering for å unngå mingling/trengsel
  • Det vil vere færre tilsette til stades fysisk for å ha så få folk som mogleg i kommunestyresalen
  • Kommunedirektøren vil ikkje vere til stades. Ho har vore i tett nærkontakt med smitta slekt og har vald å vere på heimekontor for å vere på den sikre sida.
  • Møtet vil vere fysisk lukka for publikum. Innbyggarar må følgje møtet digitalt via nettside eller Facebook.

 

Skulane og barnehagane

Trafikklysmodellen er innført i skular og barnehagar. I Hareid køyrer vi på grønt nivå inntil vidare. Vi har hatt dialog med Ulstein kommune for å kunne samkøyre tiltak. Dei har same tilnærming som oss, og ser an situasjonen med grønt nivå inntil vidare.

Meldingane frå sentrale styresmaktar er at barn og unge skal vernast frå tiltak så langt som råd. Det har likevel blitt signalisert at det kan kome nasjonale krav om å gå over på gult nivå.

Desse signala er ein medverkande grunn til at vi dessverre ser at det er lurt å utsette juleballet på ungdomsskulen til nyåret. Eit juleball er av natur eit arrangement med mykje sosial kontakt på tvers av klasser. Vi har registrert koronasmitte på alle trinn på ungdomsskulen. Det vil også vere dumt å bruke mykje tid på å planlegge eit arrangement som ikkje blir mogleg å gjennomføre om skulane går over på gult nivå.

Vi vurderer også kva vi skal gjere når det gjeld julegudstenestene for barnehagane og skulane før jul. Vi kjem tilbake med meir informasjon om det.

Aktivitetar som er planlagd felles for barn og elevar, og på tvers av avdelingar/klasser/steg i dagane framover, er vi i gang med å revurdere organiseringa av. Sektoren er i nær dialog med smittevernlege og kriseleiing, og vil gjere vurderingar frå dag til dag basert på smittesituasjonen ved skulen.

 

Kulturskulen sin konsert i onsdag

Dei nye arrangementsreglane blir ikkje innført ført midnatt (natt til torsdag). Vi har likevel bestemt at kulturskulen sin julekonsert skal følgje dette regelverket.

 

Rådhuset

Rådhuset er stengt for besøkande utan avtale. Send e-post til dei tilsette for å avtale møtetidspunkt.

Under møter må besøkande halde avstand.

 

Utleige av kommunen sine lokale

Alle som skal leige/låne lokale frå Hareid kommune må følgje dei gjeldande råd og reglar.