Koronastøtte til kulturlivet

Møre og Romsdal fylkeskommune utlyser fleire tilskotsordningar til kulturfeltet for å bøte på tapte inntekter og inspirere til digital formidling av kunst og kultur.

Klikk for stort bileteSkuleelevar opptrådde i Hareidhallen under morsmålsdagen 2020. 

­- Kulturfeltet er hardt ramma som følgje av forbode med store folkemengder. Frå at dette skulle bli tidenes sommar for oss i Møre og Romsdal, ender feltet med å miste heile inntektsgrunnlaget sitt, seier kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Dette gjeld så vel kunst- og kulturinstitusjonar, som idrettslivet og frivilligheita.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.​​​​​​​

Som første fylkeskommune i landet, lyser Møre og Romsdal fylkeskommune no ut fleire tilskotsordningar for kulturfeltet i fylket. Desse ordningane er:  

  • 10 millionar til å kompensere for inntektstap
    • 2,5 millionar kroner til "kompetanseordning for avlyste og flytta arrangement
    • 2,5 millionar  kroner for tapte leigeinntekter for frivillige lag og organisasjonar som eig og driv bygg og anlegg 
    • 500 000 kroner i tilskot til fartøyvern
    • 1,6 millionar til bevaring og restaurering av kulturminne av regional og høg lokal verdi
    • 1,4 millionar til skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde
    • 900 000 kroner til kompetansehevande tiltak for aktørar innan kulturelle og kreative næringar
    • 600 000 til kjøp av forskingsoppdrag på kultur og folkehelse
  • 12 millionar kroner til digital formidling av kunst og kultur

Søknadsskjema til dei ulike ordningane finn du på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside. NB! Kort frist.