Koronavaksine: Har vi gløymt deg?

Dersom du er 75+ og ikkje har fått tilbod om koronavaksine, ber vi deg ta kontakt med helsestasjonen.

Klikk for stort bilete pexels.com  

No startar vi å vaksinere aldersgruppa 65-74 år, i tillegg til personar i risikogruppene med høgast risiko.

Les meir på vaksineportalen vår om korleis vi vaksinerer i Hareid kommune.

Vi håpar og trur at vi har klart å nå alle som er 75 år og eldre med tilbod om vaksine, men for sikkerheits skuld sender vi ut denne etterlysinga.

Dersom du er 75 år eller eldre (fødd 1946 eller eldre) og ikkje har fått tilbod om vaksine, ber vi deg ta kontakt med helsestasjonen på telefon 700 37 750.

Det same gjeld om du ved eit tidlegare høve har takka nei til vaksine, men no har ombestemt deg.